Kurs for privatistar i matematikk

Skal du ta privatisteksamen i matematikk frå Vg1 yrkesfag? I samarbeid med Leksehjelpen i Bergen Røde Kors arrangerer vi kurs for deg!

Kurset er i  MAT1001PY og går kvar torsdag kl.17 - 19 på Amalie Skram videregående skole i Bergen sentrum. Vi startar opp torsdag 16. september.

To lærarar frå fylkekommunen har ansvar for undervisninga, og får hjelp av erfarne frivillige frå Røde Kors.

Vel møtt ved kantina i 2.etg. på Amalie Skram vgs torsdag 16.september kl.17.