Kompetansemidlar innan yrkesopplæring

Her kan skular og lærebedrifter søkje midlar for å fornye og utvikle kompetanse innan eige fagområde, styrke kompetanse rundt opplæringsrolla og utvikle samarbeidet mellom skule og bedrift.

Ordninga er ein del av den statlege satsinga på kompetanseutvikling innan yrkesfag.

Mål for tilskotsordninga:

  • Styrke kompetanse i skuler og lærebedrifter ut frå lokale behov
  • Styrke samarbeid mellom skule og arbeidsliv
  • Utvikle kompetanse og bygge nettverk mellom skule og arbeidsliv
  • Sjå yrkesopplæringa i eit 4-årig løp

Du kan søkje midlar til to ulike ordningar, hospitering eller yrkesfaglærar 2.

Hospitering:

Yrkesfaglærarar kan hospitere i bedrifter, og instruktørarar/faglege leiarar kan hospitere på skular. Dette vil vere med på å bygge kompetanse og nettverk, og styrke kunnskaps- og erfaringsdeling i skule og bedrift.

Instruktørar/faglege leiarar kan her søkje om tilskot til å hospitere på ein vidaregåande skule, og få nyttig innblikk i korleis elevane jobbar i skulen.

Yrkesfaglærarar i vidaregåande skule kan få tilskot til å hospitere i ei bedrift for å få oppdatert kunnskap om sitt eige yrke. Private vidaregåande skular med yrkesfaglege utdanningsprogram kan søke om slikt tilskot her, medan dei fylkeskommunale skulane får tilskotet direkte og skal ikkje søkje her.

Krav til søknad:

  • Hospiteringa må vere på minimum 5 dagar, og tilskotet er kr. 3 500,- per dag (maksimum 10 dagar).
  • Hospiteringa er forankra i leiinga i skule/bedrift - leiar sender søknad
  • Det ligg føre avtale skule/bedrift med plan for hospiteringa

Kontaktperson: Mari Anne Sundal, mari.anne.sundal@vlfk.no

Yrkesfaglærar 2:

Ordninga «Yrkesfaglærar 2», gjer det mogleg å søke midlar til å hente inn fagkompetanse frå arbeidslivet inn i skulen.

Målet med ordninga er å få fagpersonar frå arbeids- og næringsliv direkte involvert i yrkesfagleg opplæring. Dette vil styrke fagopplæringa og bidra til å auke motivasjonen til elevane, og skape gode relasjonar mellom skule og arbeidsliv.

Fagpersonane må vere frå lokalt eller regionalt næringsliv, og ha kompetanse som er relevant for utdanningsprogrammet. Opplæringa kan finne stad på skulen eller i bedrift.

Midlane skal brukast til å honorere bedrifta/fagpersonen som gir opplæring, og for å dekke utgifter knytt til transport av elevane ut i bedrift.

Krav til søknad:

  • Avtale mellom skule og bedrifta/fagpersonen
  • Plan for opplæringa (kopla til læreplan)
  • Det er berre skular som kan sende inn søknad om tilskot

Søknadsfrist: 1.oktober

Kontaktperson: Lene Fjeldsbø, lene.mari.fjeldsbo@vlfk.no