Er karriererettleiing noko for deg?
I løpet av yrkeslivet vil mange stå overfor fleire karriereval. Dette kan vere utfordrande. Karriererettleiing er gratis og kan gjere deg bevisst på kva du vil, kven du er og kva du kan.
Hos Karriere Vestland kan du
- utforske dine jobb- og utdanningsmoglegheiter
- finne ut kva som motiverer deg og kva for arbeidsoppgåver du liker og meistrer
- lære metodar for å gjere gjennomtenkte og bevisste karriereval
- kartleggje din kompetanse og dine interesser
- få innspel og informasjon om jobbsøkjarprosessen, få hjelp med CV og søknad og førebuing til jobbintervju
Våre karrieretenester er gratis og konfidensielle.
