Webinar om jobbsøkingsprosessen
Søke jobb for første gong, eller litt lenge sidan sist du var på jobbjakt? På dette webinaret lærer du det grunnleggande om jobbsøkarprosessen frå A til Å.
Nysgjerrig på korleis du går fram for å søke jobb i 2022? I haust inviterer Karriere Vestland til gratis kurs om jobbsøkarprosessen ein gong i månaden. Du vel sjølv kva dato som passar best for deg.
Dette lærer du på kurset
- Kvar og korleis du finn jobbane
- Korleis du les og tolkar ein stillingsannonse
- Korleis du førebur deg når du skal søka jobbar
- Korleis du skriv CV og søknad
- Korleis du gjennomfører eit godt intervju
Webinaret gir ei grunnleggande innføring i jobbsøkarprosessen frå A-Å og passar for alle som skal byrja å søka jobbar, enten det er første gangen eller berre litt lenge sidan sist.
Du kan stille spørsmål via chat undervegs under webinaret.
Varigheit: 1 t og 30 minutt
Stad: Teams
Vel dato og meld deg på jobbsøkarkurs
Meld deg på
Du kan velje mellom kursdatoane 22. september, 19. oktober og 23. november.