Styrkesamtale omkring koronasituasjonen

Karriere Vestland tilbyr styrkesamtaler rundt koronasituasjonen i perioden fram til og med 30. juni 2020.

Samtalen er ein heilt open og rådgivningsfri samtale. Du bestemmer sjølv kva du ynskjer å snakke om, og vi konsentrerer oss om her og no og framtid. Vi tek utgangspunkt i at vi har styrkene i oss til å ta gode val for å kunne meistre utfordringar knytta til koronasituasjonen. Samtalen er del av ein tankeprosess som kan bidra til at du kjem styrka igjennom denne krevjande perioden.

Styrkesamtalen er konfidensiell og tar 45 minutt. Du kan bestille fleire samtaler etter dette om du ynskjer det, både på telefon og video.

Velkommen!