Karriererettleiing for deltakarar med mellombels kollektivt vern (frå Ukraina)
Karriere Vestland tilbyr grupperettleiing i form av halvdagskurs på tre timar til personar som har rett til karriererettleiing etter dei førebelse endringane i integreringslova (kap. 6A). Pr. i dag gjeld dette flykningar frå Ukraina.
Personar som har rett til karriererettleiing etter dei førebelse endringane i integreringslova (kap. 6A) har rett på karriererettleiing.
- Karriere Vestland tilbyr grupperettleiing i form av halvdagskurs på tre timar.
- Per i dag har vi ikkje tilbod om eige individuell rettleiing av denne gruppa.
- Vi lager ikkje karrierenotat for den einskilde ved grupperettleiing.
Målet med karriererettleiinga er å bidra den einskilde flyktning kan ta informerte val om arbeid og utdanning.
Når skal du bestille rettleiinga?
Karriere Vestland har ein ramme på to månader til å gjennomføre grupperettleiinga.
Kven dekkjer kostnadane?
Det er Vestland fylkeskommune ved Karriere Vestland som skal dekkje kostnaden og bestille tolk når denne gruppa får karriererettleiing frå oss.