Kan du tenke deg å undervise i skulen?

Det er mogleg å få stipend for å ta praktisk-pedagogisk utdanning eller yrkesfaglærarutdanning.

Rekrutteringsstipend

Fagarbeidarar og andre med relevant kompetanse for skulen, kan søkje stipend for å ta

  • Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y)
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Yrkesfaglærarutdanning (YFL)

Ta kontakt med ein skule for å undersøke om dette er aktuelt for deg og ditt fagområde.

Storleik på stipend og studieopptak

Stipendet er på 116 000 kroner for studentar som vil ta PPU og PPU-Y, og 232 000 kroner for studentar som vil gå på en treårig yrkesfaglærarutdanning (YFL). Stipendet er i utgangspunktet skattepliktig.

Korleis søkje?

Ta så tidleg som mogleg kontakt med rektor på aktuell vidaregåande skule for å undersøkje om stipendordninga kan vere aktuell for deg. Søkjaren må sjølve søkje opptak til sjølve studiet etter fristane som gjeld ved universitetet eller høgskulen.

Det ligg ikkje nødvendigvis nokre forpliktingar om jobbtilbod sjølv om en skoleeigar søkjer om stipend for deg, men utdanninga skal kvalifisere deg til en lærarjobb i skulen.

Den som søkjer må sjølve søke om opptak på aktuell utdanning.
Frist for å ta kontakt med skular/rektor er 01.mars. 2020.

Ved spørsmål ta kontakt med:

Mari Anne Sundal, seniorrådgjevar Opplæring og kompetanseavdelinga på e-post:

Mari.Anne.Sundal@vlfk.no