Vg3-elevar som planlegg å søkje lærarutdanning

Matematikkurs for elever i vgs som mangler 4-kravet. Det finst nettbasert matematikkurs for søkere til lærerutdanning over heile landet.

Som kjent må søkjarar til lærarutdanning blant anna ha gjennomsnittskarakter fire i fellesfaget matematikk for å kvalifisere for opptak. Frå 2016 blei det arrangert sommerkurs for søkjarar som ikkje møtte matematikkravet. Dette blei arrangert siste gong i 2019.

Frå 2020 har Kunnskapsdepartementet finansiert eit kurs for dei som har karakter tre i matematikk og ønskjer å kvalifisere seg for opptak til lærarutdanning ved å ta privatisteksamen. Informasjon om dette blei også sendt ut i fjor.  

Kurset er nettbasert og retta mot elevar og studiesøkande over heile landet. Universitetet i Sørøst-Norge (USN) tilbyr kurset i samarbeid med Vestfold og Telemark fylkeskommune (VTFK).

Det er løpande påmelding fram til fullteikna kurs, eller til 1. februar. Tilbodet er gratis, men deltakarane må sjølve finansiere privatisteksamen.

Relevant informasjon frå henholdsvis VTFK og USN ligg her:

https://www.vtfk.no/skoler/horten-vgs/meny/opplaringstilbud/nettundervisning/nettundervisning/fagtilbud/matematikkurs-pp-y/

https://www.usn.no/studier/finn-studier/larer-og-lektorutdanning/matematikkurs-for-kommende-larere/