Vidaregåande opplæring for minoritetsspråklege

Slik kan du som er ny i landet gå på vidaregåande skule i Vestland.

For å kunne søkje vidaregåande opplæring må du ha:

  • Fullført norsk grunnskuleopplæring eller tilsvarande frå heimlandet.
    Dersom du ikkje kan dokumentere grunnskuleopplæring, skal kommunen du bur i gjennomføre ein realkompetansevurdering for å sjå om du kvalifiserer til inntak til vidaregåande opplæring. Dersom du ikkje er kvalifisert til inntak, er det kommunen din som skal gi deg grunnskuleopplæring før du kan bli tatt inn til vidaregåande opplæring.
  • Lovleg opphald i Noreg.
    Lovleg opphald betyr at du har fått innvilga fast eller mellombels opphald. Du har også lovleg opphald dersom du kan dokumentere at du har klaga på avslag på opphaldsløyve. Elevar som er tatt inn i vidaregåande opplæring har ikkje rett til å fullføre skuleåret dersom søknad om opphald er avslått.

Dersom du er under 25 år med enkeltvedtak om særskild språkopplæring (etter opplæringslova §2-8 eller §3-12) skal du søkje 1. februar.

Frå det året du fyller 25 kan du søke vidaregåande opplæring for vaksne.

Oversikt over det norske utdanningssystemet

Kombinasjonsgrupper (GMU)

Tidlegare også kalla GMU – grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom. Dette er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som har eit behov for meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring.

Opplæringa føregår på ein vidaregåande skule, slik at du som ungdom får vere i lag med jamnaldringar. Det kan vere eit godt alternativ til å gjennomføre grunnskuleopplæring gjennom vaksenopplæringstilbodet i kommunen.

Tilbodet er eit samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunen. Det har erstatta det som tidlegare blei kalla innføringsklasse for ungdom på vidaregåande skulane.
Skuleåret 2019/2020 er det kombinasjonsgrupper på vidaregåande skulane: Eid, Firda, Stryn, Årdal, Sogndal, Flora og Mo og Øyrane.

Kva er kombinasjonsgrupper?

Opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år, der du avsluttar med grunnskuleeksamen. Det gir deg eit vitnemål med karakterar du bruker for å søke inntak til vidaregåande opplæring. Slik konkurrerer du på lik linje med andre søkjarar.
Inntaket til vg1 er basert på karakterane du har frå grunnskulen.

Lågt karaktersnitt eller manglande karakterar, kan gjere til at du ikkje kjem inn på utdanningsprogrammet eller studiestaden du ønskjer.

Krav til A2-nivå i norsk

For å søke inntak til dette tilbodet, må du ha eit A2-nivå i norsk munnleg og skriftleg før du startar. Om du har eit lågare nivå enn A2, vil du ikkje få nok utbytte av dette året til å ta eksamen. Tilbodet tar utgangspunkt i tiårig grunnskule som skal gjennomgåast på eitt til to år. Grunnleggjande norskkunnskapar før oppstart er derfor avgjerande for resultatet.

Om du ikkje har nådd A3, rådar vi deg til å ta meir norskopplæring i kommunen din.

Slik søkjer du

Søknadskjema for kombinasjonsgrupper 

Søknadsfristen var 1. mars.

Prøvebevis frå norskprøven til Kompetanse Norge eller vitnemål med minimum karakteren 2 i norsk skal ettersendast innan 25. juni. Dersom du er under 18 år kan du i staden bruke ein individuell vurdering av læraren din.

Ettersending av manglande dokumentasjon

Du får svar på inntaket samstundes med inntaket til vidaregåande opplæring.

Studiestøtte frå Lånekassen

Om du får tilbod om opplæring i kombinasjonsgruppe, kan du søke Lånekassen om studiestøtte. Pass på at du vel rett søknadsskjema:

  • Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring må velje søknadsskjema «vidaregåande opplæring»
  • Søkjarar med rett til grunnskule må velje søknadsskjema «høgare og annan utdanning».

Søkjarar som får introduksjonsstønad har ikkje rett på studiestøtte. Sjå www.lanekassen.no for meir informasjon.

 

Alle som har fullført grunnskule eller tilsvarande opplæring kan søke seg til ordinær Vg1 innan eitt eller fleire utdanningsprogram.

Vi har også tilbod om innføringsklasser som er særskilt lagt til rette for deg som har minoritetsspråkleg bakgrunn og som du kan ta før du startar på første vidaregåande.

Søkjarar som er utanfor opplæring og som treng å søkje etter fristen må ta kontakt med oppfølgingstenesta for å få hjelp med søknaden.

Dette tilbodet er for minoritetsspråklege søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje opplæringa i eit ordinært utdanningsprogram.

Her får du som elev opplæring som skal førebu dei på innhald og nivå i Vg1. Det vert lagt stor vekt på å styrkje kompetansen i norsk gjennom alle fag.

Innføringstilbodet skal gjere det enklare for deg å følgje opplæringa i Vg1, og det vil passe både for dei som har planar om å starte på ei studieførebuande eller på ei yrkesfagleg utdanning året etter.

Skulane våre tilbyr ulike utdanningsprogram som skal gi deg som elev ein smakbit på dei faga som vil møte deg etter innføringstilbodet. Det betyr at innførings-tilbodet på ein skule vil vere lagt opp på ein litt annan måte på ein annan skule. Difor bør du tenke på dette når du søkjer skule:

  • Dersom du vil starte på eit yrkesfagleg utdanningsprogram neste skuleår ( Vg1) er det innføringskurs på Årstad videregående skole eller Voss gymnas som er mest aktuelle.
  • Dersom du har tenkt å starte på eit studieførebuande utdanningsprogram neste skuleår (Vg1) er det innføringskurs på Bergen Katedralskole og Voss gymnas som er mest aktuelle.

Føresetnaden for inntak er at du har grunnopplæring frå heimlandet eller vitnemål frå norsk grunnskule.

Elevar som går i innføringstilbodet, har fulle rettar etter opplæringslova, og kan søkje om plass på Vg1 neste år på lik linje med andre elevar.

Søker du innføringstilbod før Vg1 kan du få tilbod om å gå i kombinasjonsklasse saman med minoritetsspråkleg ungdom som skal nå kompetansekrava for 10. klasse i grunnskulen. Dette betyr at du kan ta grunnskuleeksamen.

Eit slikt tilbod er frivillig og vil berre vere tilgjengeleg på skular der det er tilstrekkeleg mange interesserte elevar. Dersom du søkjer innføringskurs vil skulen vurdere om tilbodet i ein kombinasjonsklasse passar for deg. Du kan ikkje søkje direkte til kombinasjonsklasse.

Du som er elev i kombinasjonsklasse brukar ikkje av retten til vidaregåande opplæring. Du har fulle rettar etter opplæringslova også for dette året, med mellom anna rett til spesialundervisning.

Er du elev i kombinasjonsklasse kan du søkje om plass på Vg1 neste år på lik linje med andre elevar.

Dette er for deg som har for lite kunnskapar i norsk til å kunne gå i eit ordinært utdanningsprogram på Vg1, men som har ein del norskkunnskapar. Programmet har ekstra tilrettelagt norskopplæring i tillegg til opplæring i dei andre faga.

Etter fullført og bestått Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege, kan du søkje inntak til ordinære Vg2-kurs ved utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag.

Programmet er tenkt for deg som har for lite kunnskapar i norsk til å kunne gå i eit ordinært utdanningsprogram på Vg1, men som har ein del norskkunnskapar. Her får du ekstra tilrettelagt norskopplæring i tillegg til opplæring i dei andre faga.

Etter fullført og bestått Vg1 Studiespesialisering for minoritetsspråklege, kan du søkje inntak til ordinære Vg2-kurs ved utdanningsprogrammet Studiespesialisering