Varsel om mobbing eller kritikkverdige forhold

Du har rett til eit trygt og godt skulemiljø, fritt for krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Det er opplevinga di som skal ligge til grunn for skulen si oppfølging. Meld ifrå dersom du eller nokon du kjenner ikkje har det bra på skulen!

Meld ifrå dersom du ikkje har det bra på skulen.

Snakk gjerne med kontaktlærar, ein tilsett du stolar på eller rektor dersom du ikkje har det bra på skulen. Du kan også gjerne ta kontakt med rådgjevar, miljøarbeidar eller skulehelsetenesta.

Alle på skulen har ansvar for at skulemiljøet er trygt og godt

Opplæringslova skal bidra til at du har det trygt og godt på skulen, trivst og kan lære best mogeleg.

Skulen har ei plikt til å jobbe førebyggjande for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane.

Du som elev har medansvar for skulemiljøet, og du har rett til å medverke i arbeidet med å skape eit godt skulemiljø.

Kva om det er nokon i skuleleiinga som mobbar?

Dersom du varslar på skuleleiing vil avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune behandle saka. 

Kan eg varsle om andre som blir mobba?

Ja, du kan også varsle om du ser andre som vert utsett mobbing og trakassering.

Kva med HMS?

Skulen har vidare ansvar for at helse, miljø og tryggleik (HMT/HMS) vert teke vare på i skulen sine verkstader og laboratorium. Du kan også varsle her om du ser at retningsliner for HMT/HMS ikkje vert teke vare på.

Vi har teieplikt

Merk at du ikkje kan varsle anonymt. Men vi har teieplikt når du sender eit varsel. Det betyr at vi ikkje kan dele informasjon utan ditt samtykke.