Utprøving og hospitering i vidaregåande skule

Utprøving av utdanningsprogram for 9. og 10. klassingar er ein del av faget Utdanningsval.

Tidlegare Sogn og Fjordane og tidlegare Hordaland har gjennomført utprøving og hospitering på ulike måtar. Det held vi fram med ut 2020.

Årshjul karriererettleiing 2020-2021

Her finn du førebels plan for hospiteringsdagane for ungdomsskulane i det komande skuleåret.

Vi tek atterhald om at det kan kome endringar på grunn av koronapandemien.

Utprøvingsdag

Tidlegare Hordaland har nytta eit system som blir kalla Mitt yrke for å handtere utprøvingsdagane. Det er ikkje alle skulane som nyttar systemet. Dersom din skule gjer det kan du logge deg inn på lenka under for å velje utdanningsprogram.  

Logg deg på for å velje utdanningsprogram

Open skule

Dei vidaregåande skulane har ein eller fleire dagar i året der skulen er open for besøk.

Oversikt over når skulane har open dag