Korleis velje utdanning?

Går du på ungdomskulen og lurer på kva du skal velje på vidaregåande? På denne nettsida får du tips om kva som er viktig å tenke på før du vel. Du kan og finne oversikt over utdanningsprogramma.

Fylkeskommunen samarbeider med grunnskule og arbeidsliv for å legge til rette for at elevar i ungdomsskulen kan besøke og prøve utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Informasjon om dette kjem på denne nettsida.

Korleis kan eg velje?

For deg som går på ungdomsskulen kan det vere vanskeleg å vite kva du skal velje. Mange tenker at valet ein gjer på ungdomsskulen avgjer kva sjansar ein har for resten av livet, men er det slik?

Kanskje blir du ein av dei som i framtida skal jobbe i eit yrke som enno ikkje finst ? Kanskje du til og med blir med på å skape nye yrke? Og kanskje det av og til er like viktig å finne ut kva du ikkje har lyst til å gjere som å gjere riktige val no?

Kva kan eg velje?

Du kan velje mellom yrkesfag og studiespesialiserande fag, i alt 15 utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.Yrkesfaga  gir praktisk opplæring som fører fram til eit yrke som du kan jobbe med. Studiespesialiserande utdanning passar for deg som har lyst til å studere på universitet eller høgskule etter vidaregåande.

Det kan vere lurt å bruke litt tid på å finne ut kva utdanning som passar for deg? Nedanfor har vi laga nokre punkt som kan hjelpe deg på vegen vidare. Lukke til!

Det er mykje å ta stilling til når ein skal finne velje utdanning og yrkesveg. For å gjere eit godt val må ein starte med å bli kjent med seg sjølv. Her er nokre tips til kva ein bør tenke gjennom. Lukke til med valet!

Tenk gjennom:

›Kva interesserer du deg for, og kva er meiningsfullt arbeid for deg?
›Kva er dei sterke sidene dine og dei fremste eigenskapane dine?
›Kva for fag eller type aktivitet presterer du best i?

Bruk nettet:

›Finn informasjon om skolar og utdanningar.
›Finn informasjon om yrke, bedrifter og bransjar.
›Ta testar og finn verktøy som kan skissere interessene dine og kompetansen din.

Eksperiment:

Om du har nokre utdanningar eller yrke som du tenkjer kan vere aktuelle for deg, kan det vere greitt å gjere følgjande eksperiment:
›Finn informasjon om eit fag som liknar litt på faget som er førstevalet ditt.
›Finn informasjon om eit fag som liknar, men som du ikkje veit noko om frå før.

Tenk stad

Før du bestemmer deg for ei utdanning eller eit yrke, finn også ut om det er mogleg å ta den utdanninga eller å få den typen arbeid du ønskjer, der du bor, eller om du må flytte til ein annan stad.

Lytt til andre, men tenk sjølv

Foreldra dine, slektningar eller andre kjente kan ha kunnskap om ulike yrke og utdanningar. Det vil vere fornuftig å høyre på den informasjonen dei kan gi deg. Men du kan godt stille spørsmål ved om dette er noko dei veit eller om det er noko dei trur.

Husk at sjølv om innspel frå andre kan være nyttig, skal du sjølv ta avgjersla. Det er ditt val!

Interesser og engasjement

Interessene dine er forma av korleis du er som person. Kunnskapen du har om ulike yrke er eit resultat av informasjon du har fått i oppveksten av foreldre eller føresette, og gjennom miljøet du har vakse opp i.
Sannsynlegvis finst det mange yrke som du knapt har hørt om, men som likevel kan vere interessante for deg - berre du får vite om at dei eksisterer og kva arbeidet eigentleg går ut på.
Skaff deg derfor brei informasjon om utdanning og yrke før du tek utdanningsvalet ditt og bestemmer deg for kva du skal bli!'

›På vilbli.no finn du ein interessetest som kan hjelpe deg med å avdekkje interessene dine og med val av veg.

Kva er du god til?

På skulen har du sikkert funne ut kva for fag som er dei lettaste for deg, og kva for fag du strevar med.
›Er du teoretisk? Kva liker du best, språk eller matematikk?
›Er du kunstnarisk, liker du å teikne og måle eller spele eit instrument?
›Er du praktisk? Trivst du med å lage mat, sy eller snekre, reparere eller mekke?

Personelege eigenskapar

Med eigenskapar meiner vi korleis du er som person.
›Er du sosial? Liker du å vere saman med mange menneske? Har du lett for å prate og bli kjent med andre, eller trivst du best saman med nokre få gode venner?
›Greier du å samarbeide, eller vil du helst ha det på din måte?
›Er du flink til å lytte til andre sine idear og meiningar?
›Er du til å stole på?
›Liker du å ha det ryddig rundt deg, eller er du ein rotekopp?
›Er du full av initiativ, eller liker du best at andre bestemmer og ordnar opp?

Kva passar du til?

Korleis du er som person, er viktig for valet ditt av framtidig yrke. Er du ein svært sosial person, kan du passe godt i eit yrke der du treffer mange ukjente menneske.

Når du ein gong i framtida skal søkje jobb, vil arbeidsgivaren leggje stor vekt på kva for  personlege eigenskapar du har. Det kan vere svært viktig om du er til å stole på, om du har lite fråvær, og om du kan samarbeide og arbeide sjølvstendig.

Haldninga til arbeidet og dei du skal arbeide saman med, kan ha vel så mykje å seie som gode karakterar frå skolen. Derfor er ordens- og åtferdskarakterane viktige!

Dei fleste vil nok vere einige i at meistring, det å føle at du får til det arbeidet du skal utføre, er ein føresetnad for å trivast i eit yrke. Det same gjeld utdanning: Skal du trivast best mogleg i skolen og gjere det bra fagleg, bør du velje ei utdanning som er tilpassa dei personlege eigenskapane dine og det du er best til.

Derfor er det viktig å finne ut kva for krav som blir stilt i aktuelle yrke og utdanningar, og å halde det opp mot kva ein sjølv er flink til og realistisk sett kan klare.

Men det er ikkje berre gode evner som skal til for å nå eit bestemt mål. Med god motivasjon, hardt arbeid og lite fråvær frå skole og eventuelt lærebedrift, vil du også kunne nå veldig langt. Mange bedrifter seier at det å vere punktleg og å ha motivasjon er det aller viktigaste.

Dersom du har lyst å få praktisk opplæring i eit yrke som du kan jobbe med kan du velje mellom 10 yrkesfaglege utdanningsprogram. Når opplæringa på skulen er ferdig kan du søke læreplass i bedrift i mange av faga, og bli lærling eller lærekandidat.  Nedanfor finn du oversikt over yrkesfaga og kan lese meir om kva dei tilbyr. Alle lenkene fører til nettsida vilbli.no.

Bygg- og anleggsteknikk

Elektrofag

Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

Handverk, design og produktutvikling

Helse- og oppvekstfag

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Naturbruk

Restaurant- og matfag

Sal, service og reiseliv

Teknikk og industriell produksjon

Sveinebrev, fagbrev eller yrkeskompetanse

Utdanninga fører fram til sveinebrev, fagbrev eller yrkeskompetanse. Etter utdanning kan du søke arbeid innan yrket, men og ta høgare utdanning på fagskule. Du har og høve til å ta påbygging til studiekompetanse.

Godkjende lærebedrifter

Skule og arbeidsliv samarbeider om opplæring i yrkesfag. Vilbli.no har oversikt over lærebedrifter, opplæringskontor og medlemsbedrifter i Vestland fylke. Finn faget du ønsker å ta utanning i og klikk på lenka for å finne oversikt over godkjende lærebedrifter, opplæringskontor og medlemsbedrifter.

Fagtilbod i Vestland

Her er oversikt over kva skular som tilbyr yrkesfag skuleåret 2020-2021. Opplæringstilbod innan yrkesfaglege utdanningsprogram / programområde (pdf).

Nye læreplanar for Vg1

Frå skuleåret 2020-21 blir talet på yrkesfaglege utdanningsprogram utvida frå 8 til 10 . Som ledd i fagfornyinga blir nye læreplaner innført i Vg1.

Dersom du skal søke høgare utdanning på universitet eller høgskule kan du velge eit studieførebuande utdanningsprogram. Her får du teoretiske fag, men kan og velje idrett og kreative fag. Nedanfor kan du finne informasjon om dei fem studieførebuande utdanningsprogramma soms tartar hausten 2020. Alle lenkene peikar til nettsida vilbli.no der du kan finne meir informasjon.

Idrettsfag

Kunst, design og arkitektur

Medium og kommunikasjon

Musikk, dans og drama

Studiespesialisering

Generell og spesiell studiekompetanse

Generell studiekompetanse gir høve til å søke høgare utdanning. Nokre studier har spesielle opptakskrav og krev til dømes realfagskompetanse. Dersom du alt no veit kva du vil studere kan du undersøke kva opptakskrav studiet her via samordna opptak.

Fagtilbod i Vestland

På denne nettsida finn du oversikt over kva skular i Vestland fylke som tilbyr studiespesialiserande utdanningsprogram skuleåret 2020-2021. Opplæringstilbod innan studiespesialiserande utdanningsprogram / programområde (pdf).

Nye læreplanar på Vg1

Her er nye læreplanar for Vg1 som skal tas i bruk hausten 2020 på studieførebuande programfag.