Japansk III

Japansk III som nettfag er eit ordinært programfag med krav til fagleg bakgrunn, timetal, pensum, standpunktvurdering og eksamen

Tidspunkt for nettundervisning

Fellesundervisning: Tysdag kl. 18 - 20
Gruppeundervisning: Torsdag kl. 17 - 20
Undervisninga er obligatorisk for alle elevar.

Gruppeundervisninga varar i ein time. Dvs. du deltar torsdag anten kl. 17-18, kl. 18-19 eller kl. 19-20. Tidspunkt for gruppeundervisninga avtalar eleven med lærar ved oppstart.

Undervisning og gjennomføring av prøvar

Undervisninga blir gjennomført via Internett ved hjelp av It’s Learning, Zoom (Virtuelt klasserom) og generelle skrive- og samarbeidsverktøy i Office 365 og Google (G Suite for Education).

Du får opplæring i bruk av digitale verktøy, må være aktive i timane og samarbeide med andre elevar. Heildagsprøvar og eksamen blir organisert og gjennomført på eigen skule eller på ein skule i nærleiken. Det vil bli nokre faglege og sosiale samlingar i tillegg til undervisning på nett.

Kven kan søke?

Elevar ved skular i Vestland fylkeskommune på studieførebuande utdanningsprogram
Elevar på skular som ikkje tilbyr programfaget
Tilbodet er ikkje ope for privatistar.

Viktig!

Nettundervisning stiller høge krav til motivasjon og eigeninnsats
Det er oppmøteplikt i faget
Du må ha eigen datamaskin (PC eller Mac) og ha tilgang til Internett