Nettundervisning

Ønskjer du fag som skulen din ikkje tilbyr? Her finn du oversikt over programfag du kan ta som nettundervisning.

Tilbodet gjeld for elevar ved offentlege vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune på studieførebuande utdanningsprogram.

Fagtilbodet skuleåret 2020-2021:

  • Fransk III
  • Japansk I
  • Japansk II
  • Kinesisk I
  • Kinesisk II
  • Kinesisk III
  • Spansk III
  • Tysk III

    Faga blir oppretta dersom det er nok søkjarar.

    Ver obs på

  • Nettundervisning stiller høge krav til motivasjon og eigeninnsats
  • Det er oppmøteplikt i faget
  • Du må ha eigen datamaskin (PC eller Mac) og ha tilgang til Internett for å delta
  • Det er programfag i språk som blir tilbydd, ikkje framandspråk fellesfag.

Fellesundervisning: Tysdag kl. 16 - 18
Gruppeundervisning: Torsdag mellom kl. 14 og 17
(gruppeundervisninga varer i ein time)

Sjå eigne tidspunkt for Kinesisk 1, 2 og 3, og for Japansk 2.

Det er to timar med fellesundervisning og ein time med gruppeundervisning kvar veke. Tidspunkt for gruppeundervisninga avtalar du med lærar på oppstartsmøte.

Undervisninga skjer på internett i et virtuelt klasserom. Elevane bruker sin PC/Mac og kan sitte anten på skulen eller heime (etter avtale med lærar og skule). It`s Learning og digitale verktøy blir brukt som elles på skulen.

Heildagsprøvar og eksamen blir organisert og gjennomført på eigen skule eller på ein skule i nærleiken. Det vil bli nokre faglege og sosiale samlingar i tillegg til undervisning på nett.

Nettundervisning.jpg

Kvar haust spør vi elevane korleis undervisninga fungerer og om dei er nøgde. Av elevar som tok språkfag som nettundervisning skuleåret 2017-18 svara 95 % at dei vil anbefale kurset til andre.

Elevane seier:

  • «Det er lærerikt, og det er et godt klassemiljø»
  • «Det er veldig spennende og lærerikt, men på en helt annen måte enn det vi gjør vanligvis på skolen»
  • «Man lærer mer på grunn av at det er få i klassen og en god lærer»
  • «Fordi det er velorganisert, interessant fag og ikke vanskelig program å sette seg inn i»
  • «Er godt alternativ dersom man ønsker faget, men ikke kan ha det på skolen»
  • «Mindre gruppe gjør at du får snakke mer og lære mer»
  • «Det er veldig lærerikt, og man lærer å jobbe selvstendig og å jobbe med andre, ved hjelp av teknologi»
  • «Er veldig fornøyd med lærer, og det er mye enklere med undervisning på data en det jeg egentlig hadde trodd»
  • «Fordi det er et unikt tilbud, spennende og man får kontakt med elever fra andre skoler»
  • «Man lærer mye, men må være motivert»

Skulane tar kontakt med Inga Heggstad for å melde på elevar.

Påmeldingsfrist: 15. juni 2020