Lokale retningslinjer for munnleg eleveksamen

Her finn du Vestland fylkeskommune sine lokale retningslinjer for munnleg eleveksamen.

Forskrift til opplæringslova regulerer alle lokalt gitte eksamenar. Forskrifta er revidert og forenkla i lys av endringane i nytt læreplanverk (LK20 og LK20S), og gjelder frå 1. august 2020.

Rundskriv Udir 2-2020 beskriv og utdjupar forskrift til opplæringslova kapittel 3 om individuell vurdering, og i del V Eksamen er alle utdjupingar om eksamenar.

Med rundskrivet frå Udir ligg utdjupande beskriving om eksamen føre, slik at dei lokale retningslinjene vil bestå av fylkeskommunen sine presiseringar på enkelte område av reglementet som krev felles forståing og rammer.

NB! Fylkeskommunen sine presiseringar må sjåast på som tillegg til forskrifta og rundskrivet til Udir.

Lokale retningslinjer for munnleg eleveksamen