Tildeling av skuleplass etter skulestart i Bergen

Etter skulestart vil vi legge ut eit oversyn over alle ledige skuleplassar i Bergen. Oversynet blir lagt ut her onsdag 19. august kl. 12.00 og onsdag 26. august kl. 12.00. Det vil samtidig bli lagt ut eit digitalt skjema som skal nyttast for «ny søknad» på ledige skuleplassar. Du kan berre søkje på tilbod som er lagt ut som ledig.

Runde 1
Skjema som skal nyttast for innsending av «ny søknad» blir lagt ut saman med dei ledige skuleplassane onsdag 19. august kl. 12.00.

Det vil vere mogleg å søkje på dei ledige skuleplassane onsdag 19. august i tidsrommet frå kl. 12.00 til kl.23.59. Denne søknaden gjeld fram til 1. september.

Dei som ikkje har norsk fødselsnummer (11 siffer) må fylle ut «ordinært søknadsskjema» her, og sende dette på e-post til inntak@vlfk.no, evt levere det på Inntakskontoret innan torsdag 20. august kl. 08.30. Dokumentasjon på grunnskuleopplæring og opphaldsløyve må leggjast ved dersom dette ikkje er sendt inn tidlegare.

Inntakskontoret vil, pr. telefon, fordele dei ledige skuleplassane frå torsdag 20. august. Det er difor viktig at du er å treffe på telefon desse dagane. Dei som får tildelt skuleplass må møte på skulen seinast måndag 24.august kl. 09.00.

Høyrer du ikkje frå oss vil vi likevel ha deg på venteliste til 1. september. Etter det er det kvar enkelt skule som tek inn elevar til eventuelle ledige skuleplassar.

Runde 2
Skjema som skal nyttast for innsending av «ny søknad» blir lagt ut saman med dei ledige skuleplassane onsdag 26. august kl. 12.00.

Det vil vere mogleg å søkje på dei ledige skuleplassane onsdag 26. august i tidsrommet frå kl. 12.00 til kl.23.59. Denne søknaden gjeld fram til 1. september.

Dei som ikkje har norsk fødselsnummer (11 siffer) må fylla ut «ordinært søknadsskjema» her, og sende dette på e-post til inntak@vlfk.no, evt levere det på Inntakskontoret innan torsdag 27. august kl. 08.30. Dokumentasjon på grunnskuleopplæring og opphaldsløyve må leggjast ved dersom dette ikkje er sendt inn tidlegare.

Inntakskontoret vil, pr. telefon, fordele dei ledige skuleplassane frå torsdag 27. august. Det er difor viktig at du er å treffa på telefon desse dagane. Dei som får tildelt skuleplass må møte på skulen seinast måndag 31. august kl. 09.00.