Elev-PC Kven kan kjøpe

Har du logga på for å kjøpe elev-PC og blei sendt til denne sida?

Det vil seie at du ikkje blei godkjent for kjøp av elev-PC. Her kan du lese meir om kven som kan kjøpe elev-PC.
 
Du er berre kvalifisert til å nytte deg av ordninga dersom du er:
  • ny førstegongselev på Vg1 i den offentlege vidaregåande skulen med ungdomsrett
  • ny elev som deltar i Innføringskurs for minoritetsspråklige
  • ny kursdeltakar i vaksenopplæring
  • Lærlingar som går rett frå ungdomsskule til opplæring i bedrift kan kjøpe datamaskin gjennom elevpc-ordninga. 

Føresette kan ikkje bestille på vegne av barna sine. Det må vere eleven som loggar seg på og registrerar bestilling.

Du får tilbodet om å kjøpe pc gjennom den fylkeskommunale ordninga berre éin gong, og du kan berre kjøpe éi maskin. Årsaka til det er at maskinane er subsidiert og derfor er rimelegare enn tilsvarande maskin kjøpt i butikk.

Dersom du tidlegare har starta på Vg1 vil du ikkje lenger vere kvalifisert til å nytte deg av ordninga, uavhengig av om du ikkje har nytta deg av tilbodet tidlegare.

Vaksenopplæring: Godkjenning av bestilling forutset at skulen har meldt deg inn som deltakar på vaksenopplæring. Ta kontakt med skulen du har søkt på dersom du meiner at du skal ha rett til å kjøpe maskin.

Om du er usikker på om du skal starte på ein offentleg vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune, må du vente til du har bestemt deg før du eventuelt kjøper ei maskin gjennom PC-ordninga. Ombestemmer du deg etter at du har bestilt, kan du angre kjøpet innan 14 dagar. Det er berre maskinar som ikkje er opna som blir tatt i retur. Om du ikkje følgjer desse retningslinjene vil du bli fakturert for subsidiebeløpet.

Merk at tilbodet må nyttast innan utgangen av desember 2025.

Grunnmodellen er i prinsippet kostnadsfri for alle elevar, fordi utstyrsstipendet frå Lånekassen dekker det du som elev skal betale. Den reelle kostnaden for maskina er høgare enn dette, men fylkeskommunen dekker resten.

Utstyrsstipendet må du søke om sjølv. Dette gjer du kvart skuleår på nettsidene til Lånekassen.


Spørsmål og svar:

"Eg har skifta studieprogram og startar på nytt i vg1. Kvifor blir bestillinga avvist?"
Ordninga gjeld berre nye vg1-elevar. Om du har gått vg1 før har du fått tilbod om å kjøpe før, og då får du ikkje tilbodet ein gong til.