Tiltakspakke frå Vestland fylkeskommune

– Dette er eit akutt-tiltak til nærings-, samfunns- og kulturliv, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at Vestland fylkesutval har vedteke ei rekke tiltak for å dempe konsekvensane av koronaepidemien. Sjå oversikta!

– Midlane som vi no har vedteke å sette inn, er akutt-tiltak for å hjelpe der det trengst mest. No er jobben vår å sikre at vi får mest mogleg effekt ut av kvar krone, samstundes som vi legg planar for korleis vi skal jobba på lengre sikt, seier fylkesordføraren.

Fylkesutvalet har løyvd 22,1 millionar kroner til tiltak for reiseliv og beslekta næringar, leverandørindustrien innan olje og gass, små- og mellomstore bedrifter, bedrifter i startfase og tiltak retta direkte mot bedrifter gjennom avtale med Innovasjon Norge. Også kulturlivet får støtte frå fylkeskommunen.

Tiltaka omfattar mellom anna:

  • 4,4 millionar kroner til enkeltbedrifter gjennom Innovasjon Norge
  • Tiltak til reiseliv
  • Støtte til næringshagar og inkubatorar
  • Auka tilskot til etter- og vidareutdanning
  • 11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring (BIO)
  • 3 millionar kroner til å starte nye bedrifter
  • 9 millionar til forsking og innovasjon
  • Raskare utbetaling av støtte til kulturlivet, både driftsstøtte og til prosjekt

Nedanfor kan du lese meir om dei ulike tiltaka:

Vestland fylkeskommune ønskjer å dempe konsekvensane av korona-pandemien med eit sett tiltak med ei samla kostnadsramme på 22 100 000 kr. Nokre av tiltaka blir innanfor desse områda:

4,4 millionar i støtte til enkeltbedrifter
Fylkeskommunen set av 4 400 000 kr til direkte tiltak i
næringslivet. Løyvinga går til Innovasjon Norge, som er
fylkeskommunen sitt verktøy for direkte bediftsstøtte.

Reiselivsnæringa med kampanjar mot nærmarknadane
Reiseliv er særleg hardt råka av restriksjonane i
samfunnet, og det vil bli vurdert særlege tiltak for å
lette situasjonen på kort og lang sikt. Fellesapparatet;
destinasjonsselskapa og Fjord Norge blir vurdert å vere
viktige støttespelarar for reiselivsnæringa i ei viktig tid.
Det vil bli vurdert særlege kampanjar mot nærmarknadene i sommar dersom situasjonen elles tillèt det.

Støtte til næringshagar og inkubatorar
Vestland fylkeskommune har saman med Siva gjennom
mange år etablert eit nett av innovasjonsselskap. Næringshagar og inkubatorar blir no næraste støtte for små og mellomstore bedrifter i ei vanskeleg tid. Fylkeskommunen vil dagleg vurdere tiltak for å støtte desse med nye tiltak, slik at dei kan hjelpe bedrifter som treng det.

Auka tilbod om etter- og vidareutdanning
Kompetanseforum Vestland etablerer dialog med næringslivet for å avdekke kva kompetansebehov Covid-19 vil utløyse på kort og lang sikt. Ut frå dette skal det utarbeidast etter- og vidareutdanningstilbod i regi av utdanningsaktørane i fylket for å fylle desse behova, finansiert av fylkeskommunale midlar og statlege ordningar. Fylkeskommunen vil ta initiativ til at eksisterande laboratorium og testfasilitetar (Katapultar) kan nyttast til opplæringstiltak for bedrifter.

11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring i bedrifter (BIO-midlar)
Dette går til bedrifter med låg aktivitet som følgja
av Covid-19. Føremålet er å heve kompetansen i
bedriftene slik at dei står betre rusta til å tilpasse seg
ein ny marknadssituasjon og sikre vidare drift.

Tre millionar til oppstart av nye bedrifter
Fylkeskommunen løyver tre millionar kr til oppstart av nye
bedrifter, der etableraren kan søke inntil 50 000 kroner
til utgiftsdekning i samband med etableringa.
Ordninga vert forvalta gjennom tre regionråd.

Be om auke i løyvingane til utbygging av breiband
Vestland fylkeskommune vil oppmode staten om å auke løyvingane til breibandsutbygging i ikkjekommersielt utbyggbare område frå 200 millionar kr til 500 millionar kr. Dette gir ein rask effekt i bygge– og
anleggsnæringane, men gir også ei opprusting av infrastrukturen. Koronasituasjonen viser tydeleg kor avhengige vi er av godt utbygga breiband.

Samle kunnskap om Covid-19 og næringslivet
Vestland fylkeskommune vil samle kunnskap om effektane Covid-19 har på næringslivet i fylket. Dette skal skje saman med partane i arbeidslivet, NAV, Innovasjon Norge og sentrale næringslivsaktørar. På
denne måten kan ein sikre at utfordringane i alle delar av næringslivet blir synleggjort og at tiltak vert meir treffsikre.


9 millionar til forskings- og innovasjonsprosjekt
Vestland fylkeskommune vil gjennom Regionalt forskingsfond Vestland lyse ut 9 millionar kroner til forskings- og innovasjonsprosjekt. Styret vil i møte 21. april vedta rammene for ei slik utlysing. Dette vert midlar til kortsiktige prosjekt med brei tematisk
ramme, slik at søkjarane i stor grad kan definere sine eigne behov for ny kunnskap i søknaden. Styret vil òg vurdere moglegheitene for raskare utlysings- og saksbehandlingstid. Prosjekt som må utsette arbeidet som følgje av Covid-19 kan få inntil 6 månaders
forlenging.

Hjelp til forsking og søknadsordningar
Eit korps av kompetansemeklarar vert no mobilisert til å hjelpe bedrifter i gang med forsking for å auke innovasjon. Særleg bedrifter med liten forskingserfaring kan få hjelp til å identifisere forskingsproblemstillingar og relevante søknadsordningar.

Vi har allereie sett i gang arbeidet med å framskynde planlagt vedlikehaldsarbeid ved skulane.

Det er totalt sett av 36,5 millionar kr til slikt arbeid i 2020. Delar av det planlagde arbeidet kan gjerast via eksisterande rammeavtalar, t.d. tekking av tak, sykkelskur, ein del lovpålagde servicar og kontrollar.

For dei delane som krev utlysing av nye anbod er prosessane sett i gang.

Vi søker å utsette planlagde arrangement i staden for å avlyse. Her vil vi gå i dialog med leverandørane våre og søke gode, felles løysingar.

Vidare gjennomfører vi anskaffingar i tråd med planlagd innkjøpsplan og startar dessutan opp nye, mindre anskaffingsprosessar der vi prioriterer å legge til rette for lokale leverandørar.

Vi vil vektlegge å betale rekningane våre så raskt som mogleg og håper dette kan bidra positivt til å sikre likviditeten hos kreditorane våre.

Det er store summar som går ut frå Vestland fylkeskommune – dagleg i
området 30–60 millionar kr og nokre dagar langt over 100
millionar kr om store entreprenørselskap skal ha betaling.

Vestland fylkeskommune er sjølvsagt positiv til å vere
med på den nasjonale dugnaden som no går føre seg
for å sikre at det norske samfunnet kjem seg gjennom
denne krevjande tida på best mogleg måte.

Vi har difor gjennomført ei førebels kartlegging av tilsette med bakgrunn innan helsefag, restaurant- og matfag, reinhald mv. Dersom situasjonen utviklar seg på ein slik måte framover at det vil vere behov for ekstra ressursar for å sikre drifta av viktige institusjonar i samfunnet som t.d. sjukehus, alders- og sjukeheimar, vil Vestland fylkeskommune bidra med aktuelle ressursar etter nærare
avtale.

Vestland fylkeskommune skal gjere det vi kan for å forsere utlysing av prosjekt som vi har løyving til i 2020.

I tillegg vil vi skaffe oversikt over tiltak som vi kan gjennomføre relativt raskt dersom det kjem ekstra løyving/tiltakspakke frå staten. Dette gjeld både vedlikehald av fylkesvegnettet og nye investeringstiltak.

Dersom leverandørar som Vestland fylke har ein kunderelasjon til ønskjer betaling raskare enn normalt forfall vil vi følgje opp å sikre det.

Vestland fylkeskommune vil legge til rette for at fleire elevar kan ha meir praksis og slik bidra på samfunnskritiske områder. Vi vil organisere og tilby digital opplæring til lærlingar som no risikerer permittering. Vi vil legge til rette for at lærlingar som no ventar på å gå opp til fag- /sveineprøve, skal få denne formaliserte kompetansen raskast mogeleg.

Vestland vil søke sentrale myndigheiter om dispensasjon dersom regelverk er til hinder for dette.

Utbetaling av prosjekt og driftstilskot i 2020: Vedtekne tilskot vert utbetalte sjølv om tiltaket ikkje let seg gjennomføre i tråd med opphavleg plan.

Rask utbetaling av tilskot i 2020: Alle tilskot skal betalast ut så raskt som mogeleg etter vedtak. Det leggast til rette for eingongsutbetaling av heile tilskotet.

«Hurtigkompensasjon» 2020: Etablering av kriseordning 2020 som vert finansiert ved omprioritering av midlar som er fordelte til etablerte ordningar, og som ikkje er fordelte, og disponible fondsmidlar. Saka må handsamast av KULII.

Utsetting av frist for søknad om driftsstøtte for 2021: Fristen for å søke driftsstøtte for 2021 er sett til 5. april 2020. Vi har fått tilbakemelding frå nokre aktørar at dei har problem med å overhalda fristen grunna meirarbeid som følge av koronakrisa. Vestland fylkeskommune bør vurdere å utsette fristen til ultimo april.

Kunnskapsinnhenting: Systematisk innhenting av informasjon om situasjonen hos aktørar innan kultur og idrett – særleg dei som er omfatta av fylkeskommunen sitt budsjett 2020. Gjennomførast i løpet av april i samråd med bransjeorganisasjonane, kommunar og evt. stat.

Kompensasjonsordningar: Med grunnlag i pkt. 1 vert særlege ordningar føreslått til fylkestinget i juni 2020, jf. fordeling av årsoverskot 2019 og planlegging av budsjett 2021.

Endra innretning av gjeldande ordning: Nye ordningar
(drift- og prosjektstøtte) innanfor framtidige budsjett.

Vestland fylkeskommune støttar trepartssamarbeidet mellom fylkesordførar, NHO, LO og Nav.

Fylkeskommunen tek også ei koordinerande rolle både overfor kommunane og andre. Vestland fylkeskommune skal spele ei aktiv rolle saman med IN, KS og alle samarbeidspartar, for å samordne tiltak og verkemiddel som kan bidra til å handtere krisa framover.