Odontofobi

Har du tannlegeskrekk eller angst for tannbehandling? Vi kan hjelpe deg!

Kva gjer vi?

Senter for odontofobi (SFO) skal ta imot born, ungdom og vaksne med angst for tannbehandling eller sprøyteskrekk. Senteret tilbyr også tilrettelagt tannbehandlingstilbud til pasientar som er utsette for overgrep og tortur (TOO).

Ved SFO driv vi og med forsking innafor dette fagområdet. For tida tek vi imot pasientar frå heile Vestland fylkeskommune, mens pasientar i nærleiken av Stord og Norheimsund kan ta direkte kontakt med odontofobiteam på staden. 

Kven kan få behandling

Behandlinga er gratis for born og ungdom som bur i Vestland fylkeskommune, og for vaksne pasientar som blir diagnostisert med odontofobi, og som kjem inn under gjeldande trygdelov.

Vaksne kan kontakte SFO direkte, eller via tilvising frå tannlege/lege. Du må rekne med at det er noko ventetid.

Lokale TOO-team (torturoffer, overgrepsoffer og personer med odontofobi) i Vestland fylkeskommune:

Stad                                                   Epost                                                 Telefon

Senter for odontofobi, TkVestland    tkvestland@vlfk.no                           55 33 76 00

Årstad tannklinikk                             TOOTeamSentrum@vlfk.no             477 91 635

Stord tannklinikk                               odontofobi-team-stord@vlfk.no       53 40 95 50

Frekhaug tannklinikk                         TooTeamNord@vlfk.no                    57 30 33 10

Voss tannklinikk                                TooTeamAust@vlfk.no                     56 52 36 00

Øygarden tannklinikk                        TooTeamOygarden@vlfk.no             55 31 72 00

Askøy tannklinikk                              TooTeamAskoy@vlfk.no                  57 30 37 17

Sogndal tannklinikk                           odontofobiteam.sogndal@vlfk.no     57 62 71 80

Florø tannklinikk                               odontofobiteam.floro@vlfk.no         57 74 66 80

 

Kva er målet med angstbehandlinga?

Målet for behandlinga ved SFO er å få redusert angst for tannbehandling/sprøyte, slik at det er mogeleg å få gjennomført regulær tannbehandling hos din eigen tannlege.

Kva består behandlinga av?

Ein kartleggingssamtale med psykolog og ca. 5 behandlingstimar hjå tannlege. 

All behandling startar med ein samtale med psykolog der vi kartlegg problema dine knytt til angst for tannbehandling, og der vi kjem med forslag om eit behandlingsopplegg. Samtalen med psykolog tek vanlegvis ca. 1 time. Før samtalen vil du også bli beden om å fylle ut nokre spørjeskjema. Samtalen skjer i eit vanleg rom utan tannlegeutstyr.

Første time av angstbehandling hos tannlege startar vanlegvis veka etter samtalen med psykolog. Behandlinga skjer gradvis ved at behandlarane forklarer, demonstrerer og utfører deler av angstbehandlinga og tannbehandling i små” porsjonar”, slik at du som pasient har kontroll med kva som skjer. 

Ved å samarbeide med deg, ønskjer vi å redusere tannbehandlingsangsten din. Vi vil deretter hjelpe deg med å finne ein tannlege som du kan gå til etter at behandlinga hjå oss er avslutta, dersom du ikkje allereie har fast tannlege. 

Som eit ledd i kvalitetssikringa, vil vi på SFO ta kontakt med deg ca. eit år etter avslutta behandling, for å høyre korleis du synest det er å gå til tannlege.

Tilvising til senter for odontofobi

Tilvisinga må innehalde:

  • Pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
  • Relevante kliniske og sjukehistoriske opplysningar
  • Klinisk diagnostisk problemstilling
  • Opplysningar om evt. trygdefrefusjon

For private tannlegar

Fullstendig tilvising kan sendast til:
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen

For tilsette i tannhelsetenesta

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til tkvestland@vlfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvising.