Tannklarprosjektet: Tannhelse og bruk av tannhelsetenester for personar i legemiddelassistert rehabilitering

Prosjekt

Dei som er rusavhengige har generelt hatt eit mindre fullverdig helsetilbod enn resten av befolkninga i tillegg til at det er mindre systematisk kunnskap om helsetilstanden i denne gruppa. Vi har hatt lite kunnskap om tannhelse hos dei som får legemiddelassistert rehabilitering (LAR) i Noreg.

Hovudmåla med denne studien:

  • er å kartlegge tannhelsestatus hos LAR-pasientar og korleis tannbehandlingstilbodet fungerer i praksis
  • korleis synsvinkelen til helsetenesta er på dette
  • evaluere moglege intervensjonar for å kunne betre tannhelsesituasjonen hos personar i LAR.

Studien vil gjennomførast som ei tverrsnittsundersøking hos LAR-pasientar og ved tannklinikkar i Norge med ei enkel klinisk undersøking og eit kort strukturert spørjeskjema for å kartlegge erfaringa til tannlegar og tannpleiarar med undersøking og behandling av dei som får LAR-behandling. 

Prosjektleiar

Professor Lars T. Fadnes (MD, PhD) og Professor Anne Nordrehaug Åstrøm

Samarbeidande organisasjonar

  • Institutt for global helse og samfunnsmedisin
  • Institutt for klinisk odontologi
  • Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vestland
  • Avdeling for rusmedisin, Haukeland Universitetssykehus.

Vi samarbeidar med brukarorganisasjonen ProLAR Nett som har eit sterkt fokus på betydninga av å oppskalere behandlingstilbod for LAR.