HUSK-tannhelse

Prosjekt

HUSK-tannhelse er ei screeningundersøking av munnhelse hjå deltakarar født i 1950-51 frå tidlegare Hordaland fylke.

HUSK-tannhelse er eit samarbeid med HUSK3 (Helseundersøkelsen i Hordaland), som igjen er ein del av eit større forskingssamarbeid som heiter CONOR (COhort NORge). I CONOR har fleire forskingsmiljø i Norge gått saman for å innhente informasjon om helsefaktorar som kan ha betydning for utvikling av sjukdom og for beskyttelse mot sjukdom.

HUSK-tannhelse vart oppretta ut frå ynskje om å knyte data for oral helse til andre helsedata som er samla inn i HUSK.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

  • Prosjektleiar:
    PhD/tannlegespesialist Siri Flagestad Kvalheim
  • Prosjektmedarbeidarar:
    • Prosjektkoordinator: tannpleiar Marita Bjørkelund
    • Solheimsviken tannklinikk, Den offentlege tannhelsetenesta, Vestland fylkeskommune, ved klinikksjef Tom Bagaas, tannlege Mahmoud Atashgahy, tannlege Rune Refsnes og tannhelsesekretærane Kristine Hamre og Hilde Sjøholm
    • Forskingsleiar TK-Vestland, Ellen Berggreen

Eksterne organisasjonar

  • Institutt for klinisk odontologi, Universitetet i Bergen
  • Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen

HUSK-tannhelse er foreløpig i datainnsamlingsfase. Publikasjonar frå tidlegare rundar av HUSK finn du her:

https://husk.w.uib.no/publikasjoner-2/