Brekkingar og avskyfølelse: Dei gløymde responsane ved tannbehandling?

Prosjekt

I september 2022 blei det sendt ut ei anonym spørjeundersøking om brekkingar og avskyfølelse. Invitasjon til å delta blei sendt til alle som er fødde i 2000 og 2001. 

Ved undersøkinga ønsker vi å få meir kunnskap om desse fenomena fordi den i dag er mangelfull. Det er også lite kunnskap om kor vanleg følelse av avsky og tendens til å brekke seg er, og om fenomena er knytte til forhold i tannbehandlingssituasjonen. Regional etisk komité, Norsk senter for forskningsdata, fylket sitt Personvernombod og fylkestannlegen har gitt tilråding for at denne anonyme undersøkinga kan gjennomførast.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

  • Prosjektleiar: Maren Lillehaug Agdal
  • Prosjektmedarbeidarar:                                                                                                Shahana Sothinathan, Karin G.Berge