Undersøking angåande erosiv tannslitasje på femåringar i Bergen

Studien inkluderte 387 (94,9%) femåringar frå fem offentlege tannklinikkar i Bergen. Det var i tillegg til ei klinisk undersøking nytta spørjeskjema som føresette fylde ut.

 Det vart samla inn 380 (93,1%) spørjeskjema og desse inneheldt spørsmål om tannhygiene og kost- og drikkevanar. Føresette svarte i tillegg på eigen alder, utdanningsnivå og kva land dei var frå.

Det vart nytta diagnoseverktøy av Johansson og Hasselkvist som graderer dental erosjon og cupping frå 0-4.

Gjennomsnittsalderen på borna var 4,8 år (SD: 0,27) og av dei var det 48% gutar.

Av dei 387 undersøkte borna hadde 79,8%, (n = 309) minst ei tann med erosiv tannslitasje (grad 1-4). Det var 79,8% gutar og 79,9% jenter med erosiv tannslitasje. Det vart registrert erosiv tannslitasje på incisivar i overkjeven hos 13,9% (n = 54), og cupping på molarer i 79,3% (n = 307) av borna.

Ved å sjå på dei med verst erosiv tannslitasje fann ein at det var samanheng mellom erosiv tannslitasje og tanngnissing i løpet av dagen og/eller natta samt det å vere gut.

Det vart ikkje funne samanheng med kost eller andre vanar hos borna.

Førsteforfattar er Britt Nygard Tvilde. Medforfattarar er Anne Marit Graue og Athanasia Bletsa.

Meir informasjon om publikasjonen i Acta Odontologica Scandinavica