Tverrfagleg behandling for pasientar med psykiske helseutfordringer

Denne studien presenterer to kasus som illustrerer utfordringar og moglege løysingar i tannhelsetenesta sitt møte med pasientar som har langvarige psykiske helseutfordringar.

krittekning av hode og hjerne
Illustrasjonsbilde på psykisk helse. Foto: Shutterstock.

Artikkelforfattarane Diana Patricia Henriquez Quintero og Jofrid Bjørkvik følgde to pasientar frå innleiande samtale med psykolog, gjennom undersøking og behandling hjå tannlege og til kontroll to år etter ferdigstilt behandling. Artikkelen deira er publisert i Tidende, tidsskriftet til Norges tannlegeforening.

Bakgrunn

Bakgrunnen for studien var at personar som slit med langvarige helseutfordringar generelt har dårlegare tannhelse og mindre bruk av tannhelsetenester enn resten av folket. Dette inneber at mange unngår eller går glipp av tannbehandling dei har rett på som prioritert gruppe i offentleg tannhelseteneste.

Individuelt tilpassa

Dei erfarte at tett samarbeid med psykisk helsetjeneste i kommunen var nøkkelen til å etablera kontakt med pasienten og gjennomføra behandling. Pasientane hadde behov for praktisk og emosjonell støtte. Behandlinga måtte tilpassast individuelt og vera fleksibel over tid. Eit tilrettelagt tannhelsetilbud til denne pasientgruppa krev tid og ressursar, kompetanse og utstrakt tverrfagleg samarbeid.

Førsteforfattar er Diana Patricia Henriquez Quintero. Medforfattar er Jofrid Bjørkvik