Tidlege livsløpsfaktorar og deira betyning for oral helse mellom yngre vaksne i Noreg

Studien bygger på eit nasjonalt utvalg av unge vaksne i alderen 25-35 år. Vi undersøkte om ubehaglege opplevingar hjå tannlegen i barndommen påverka antall tenner og den orale livskvalitet i vaksen alder.

Totalt deltok 2433 personar med ein gjennomsnittsalder på 30 år (42,7 prosent menn) i ei elektronisk administrert spørjeskjemaundersøking.

Resultata viste at:

  • 29 prosent av deltakarane bekrefta ubehaglege opplevingar hjå tannlegen som barn nokre få gonger
  • 16 prosent av deltakarane bekrefta ubehaglege opplevingar hjå tannlegen som barn mange gonger.
  • 31 prosent hadde tapt minst ei naturleg tann
  • 14 prosent bekrefta at dei hadde unngått å bestille tannlegetime og eller hadde unngått å møte til avtalt tannlegetime i vaksen alder.

Fleir-variabel analyse viste at deltakarar som bekrefta ubehaglege opplevingar hjå tannlege i barndommen hadde større sannsynlegheit for å ha tapte tenner og redusert oral livskvalitet i vaksen alder, samanlikna med deltakarar som ikkje bekrefta ubehaglege opplevingar hjå tannlege i barndommen. Noko av denne samanhengen lot seg forklare av unngåelsesatferd (det vil seie å ha unngått å bestille tannlegetime/unngått å møte til avtalt time). Studien understrekar betydninga av regelmessig tidleg tannlegekontakt for å byggje barn sin tillit til tannlege og tannbehandling.

Hovudforfattar til publikasjonen er forskar Anne Åstrøm ved TkVestland. Ein av dei to medforfattarane er forskar Gerhard Sulo ved TkVestland. Den andre er Otto Robert Frans Smith ved Folkehelseinstituttet/UiB Institutt for Mental og psykisk helse.

Artikkelen er publisert i tidsskriftet «Community Dentistry and Oral Epidemiology».

Lenke til publikasjonen