Tannskadar i mjølketannsettet kan føre til alvorlege utviklingsforstyrringar på permanente tenner

Tannhelsepersonell bør vera oppmerksame på at tannskadar i mjølketannsettet kan føre til alvorlege utviklingsforstyrringar på permanente tenner.

gut med forslått mjølketann
Foto: Shutterstock

Hovudkonklusjonen i ein ny kasuistikk er at tannhelsepersonell bør vera oppmerksame på at tannskadar i mjølketannsettet kan føre til alvorlege utviklingsforstyrringar på permanente tenner. Det syner ein ny artikkel frå TkVestland som er publisert i «International Journal of Clinical Pediatric Dentristry». 

Kasuistikken publisert i «International Journal of Clinical Pediatric Dentistry» beskriv eit slikt tilfelle som krevde tverrfagleg behandling og ei uvanleg rotbehandlingstilnærming.

Dei tre artikkelforfattarane er Athanasia Bletsa, Maria V. Bessonova og Ole Iden.

Les heile artikkelen