Slik har tannhelsepersonell utført meldeplikta

Korleis har gjennomføringa av meldeplikta utvikla seg blant tannlegar og tannpleiarar frå 2014 til 2019, og kva faktorar verkar inn på denne aktiviteten?

Tannlegar har oppmerksemdsplikt og meldeplikt til barnevernet etter helsepersonellova. Vi undersøkte korleis gjennomføring av meldeplikta har utvikla seg blant tannlegar og tannpleiarar over ein fem-års periode og kva faktorar som verkar inn på denne aktiviteten.

I 2014 og 2019 vart alle tannlegar og tannpleiarar tilsette i Den offentlege tannhelsetenesta invitert til å delta i elektroniske spørjeskjema undersøkingar. Studien som no ligg føre er basert på data frå 591 tilsette som deltok begge undersøkingsåra.

Totalt oppga 59 prosent (2014) og 79 prosent (2019) at dei i løpet av si karriere hadde utført meldeplikta, medan 58 prosent hadde utført meldeplikta begge undersøkingsåra.

Totalt oppgav 34 prosent (2014) og 38 prosent (2019) at dei hadde unngått å utføre meldeplikta, medan 25 prosent hadde unngått å melde mistanke til barnevernet begge undersøkingssåra. Andelen som hadde utført meldeplikta auka med 25 prosent frå 2014 til 2019.

Studien viser at utføring av meldeplikta vert oppretthalde for ein stor andel tannlegar og tannpleiarar tilsette i norsk offentleg tannhelseteneste og at utføring av meldeplikta varierer med sosiale karakteristika og haldningar hjå deltakarane.

Artikkelforfattarane er Anne Åstrøm Nordrehaug (TkVestland/UiB, Institutt for klinisk odontologi), Karin Goplerud Berge (TkVestland) og Ingfrid Vaksdal Brattabø (TkVestland).

Les heile artikkelen