Røntgenfunn i 2D-bilete som prediktorer for berettigede CBCT-undersøkingar av hjørnetanns-indusert rotresorpsjon

Den diagnostiske nøyaktigheita til todimensjonale røntgenbilder var utilstrekkeleg for å påvise rotresorpsjon hjå pasientar tilvist til CBCT-undersøking.

Av: Amanda K. H. Andresen, Malin V. Jonsson, Gerhard Sulo, Dorina S. Thelen, Xie-Qi Shi.

Mål

I denne retrospektive observasjonsstudien var målet å undersøke diagnostisk nøyaktigheit til todimensjonale røntgenbilder for å diagnostisere hjørnetanns-indusert rotresorpsjon på lateralar, og å identifisere røntgenologiske prediktorar for rotresorpsjon hjå pasientar med retinerte hjørnetenner i overkjeven.

Metodar

Nittini pasientar i alderen 9-17 år, med til saman 156 retinerte hjørnetenner vart inkludert i studien. Alle hadde eit volumopptak og todimensjonale røntgenbilder, av desse minst eit OPG. To kjeve- og ansiktsradiologar granska i felleskap alle bilda, ved to høve. I første runde vart røntgenfunn knytta til retinerte hjørnetenner og muleg rotresorpsjon registrert på todimensjonale røntgenbilde. Deretter vart hjørnetanns-indusert rotresorpsjon vurdert på CBCT-volum, og i samsvar med posisjon og utbreiing klassifisert som mild, moderat eller alvorleg.

Resultat

Hjørnetanns-indusert rotresorpsjon kunne påvisast i 80 prosent av lateralane som var undersøkt (mild: 45%; moderat: 44%; alvorlig: 11%). Sensitiviteten var generelt låg ved mild og moderat grad av resorpsjon (29 og 29%), og noko høgare for alvorleg grad av resorpsjon (50%). Tilsvarande var spesifisiteten respektive 48%, 63% og 68%. Overlapping mellom den incisale delen av hjørnetanna sin cusp og lateralen sin midtre tredjedel, og rot/krone-forhold > 1 var positivt assosiert med mild rotresorpsjon, med ein oddsratio (OR) på høvesvis 3,8 og 6,7. I tillegg var rota sitt utviklingsstadium positivt assosiert med moderat/alvorleg rotresorpsjon når rota til hjørnetanna var nesten eller fullstendig utvikla (OR = 3.1).

Konklusjonar

Den diagnostiske nøyaktigheita til todimensjonale røntgenbilder var utilstrekkeleg for å påvise rotresorpsjon hjå pasientar tilvist til CBCT-undersøking. Med unntak av rota sitt utviklingsstadium kunne ingen av dei foreslåtte todimensjonale røntgenteikna predikere moderat/alvorleg rotresorpsjon. Retinerte hjørnetenner med meir utvikla røtter kan synast å vera assosiert med høgare risiko for moderat/alvorleg rotresorspjon.

Artikkelen er publisert i Dentomaxillofac Radiology:
Radiographic features in 2D imaging as predictors for justified CBCT examinations of canine-induced root resorption - PubMed (nih.gov)