Regionale variasjonar i erfaring med karies, forklaringsvariablar og oppfølging hjå barn og unge i Vest-Norge

Målet med denne studien var å finne årsaker til regionale forskjellar i karieserfaring hjå 12 og 18 åringar i Hordaland.

Vi innhenta, ved hjelp av spørjeskjema, informasjon frå 705 barn og unge om deira orale hygiene, fluorinntak og sukkerforbruk. Vi innhenta også informasjon frå deira tannhelsejournalar i Den offentlege tannhelsetenesta, der vi såg på karieserfaring (DMFT), profesjonell fluorbehandling (siste 10 år), innkallingsintervallar og talet på undersøkingar/behandlingsbesøk dei siste 5 år.

Vi fann at karieserfaring var 67prosent høgare i den sørlegaste delen av fylket samanlikna med resten av Hordaland og alvorligheitsgraden av karies 24 prosent høgare. I sør hadde deltakarane færre behandlingsbesøk og færre undersøkingar i 5 års perioden enn i resten av Hordaland. Dei sjølvrapporterte data viste ingen regionale forskjellar og kunne difor ikkje forklare dei observerte forskjellane i karieserfaring.

Les artikkelen her

Artikkelforfattere: Gerhard Sulo, Elwalid Fadul Nasir, Ann-Louis Toftesund, Manal Mustafa, Anne Nordrehaug Åstrøm & Ellen Berggreen