Norske kjeveortopedar sine erfaringar og utfordringar ved behandling av pasientar med leppe-, kjeve-, ganespalte

Det er lite erfaring med behandling av denne pasientgruppa lokalt. Det syner ei undersøking frå TkVestland.

Barnemunn med spalte
Foto: Paul K. Sæle

Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland har nyleg publisert ein artikkel i The Cleft Palate-Craniofacial Journal.  

Artikkelen er basert på ei spørjeundersøking sendt til alle kjeveortopedar i Norge og har fokus på den enkelte kjeveortoped sin kunnskap, erfaring og eventuelle utfordringar ved behandling av pasientar med leppe-, kjeve-, ganespalte (LKG). Vidare set artikkelen lys på ønskje om ytterlegare undervisning blant kjeveortopedar for å tilby meir behandling lokalt for denne pasientgruppa.

I Norge er det tradisjon for å behandle LKG-pasientar ved eit av dei to nasjonale teama av medisinske spesialistar. Dei fleste pasientane vert behandla og fylgd tett av kjeveortopedar ved teama med jevnlege besøk. I samanheng med reiserestriksjonar i forbindelse med Covid-19 og eit ynskje frå mange pasientar/føresette om mindre reisebelastning er målet med dette studiet å undersøkje ei mogeleg meir desentralisert teneste hjå lokale kjeveortopedar i Norge.

Resultat

Studien viser at det er lite erfaring med behandling av denne pasientgruppa lokalt. Meir enn 60 prosent av respondentane rapporterte å ha behandla færre enn 20 pasientar totalt i deira yrkesliv, og rundt 13 prosent har aldri behandla ein pasient med LKG. Nesten 90 prosent av kjeveortopedane som har behandla LKG-pasientar beskriv fleire utfordringar ved behandling av denne gruppa samanlikna med pasientar utan spalte.

Utfordringane er både av teknisk art og at behandlinga er klart meir tidkrevande. Den teoretiske kunnskapen om pasientgruppa var god og omlag 80% av kjeveortopedane meiner at ein spaltepasient har både dentale og kjeveortopedisk diagnosar som er ulik frå pasienter utan spalte. Trass i eit godt kunnskapsnivå blant kjeveortopedar i Norge, er det ønskje om ytterlegare kunnskap både gjennom teoretisk undervisning (78%) og praktisk trening (58%) blant respondentane i undersøkinga.

Konklusjon

Viss meir kjeveortopedisk behandling av pasientar med LKG skal tilvisast lokalt må kunnskap om behandling av denne pasientgruppa betrast, enten gjennom høgare fokus ved grunnstudiet og vidareutdanninga, eller gjennom etterutdanning og tettare kontakt mellom sentralisert team og lokal kjeveortoped.

Forfattarar: Paul K. Sæle (hovudforfattar), Anne Nordrehaug Åstrøm, Harald Gjengedal, Elwalid Nasir og Manal Mustafa.