Barn si formidling av tannbehandlingsangst ved å tegne på tøydukke – før og etter kognitiv atferdsterapi

Artikkelen gjev eit innblikk i korleis barn i alderen 7-11 år kan formidle kroppslege symptom på angst ved å tegne på ei tøydukke.

tøydukker som er teikna på

Studien viste at ubehaglege kroppslege symptom på angst endrar seg under kontrollert og systematisk behandling av barnet sin angst for tannbehandling.

Den kliniske delen av studiet vart utført av tannlegar ved Tannhelsetjenestens Kompetansesenter Vestland. To masterstudentar i profesjonsutdanninga for tannlegar ved Universitetet i Bergen deltok i studien sitt design og analyse av studien sine funn.

Resultata av studien viser at barn etter relativt kort angstbehandling opplever betydlege endringar både i tankar og fysiologiske angstresponsar. Kva ein føler og tenkjer i ein situasjon er avgjerande for korleis ein har det. I studien har barna visualisert sine følelsar, noko som gjev kunnskap om barn sin opplevelse i tannbehandlingssituasjonen. Slik kunnskap er betydningsfull i møte med barn i tannbehandlingssituasjonen.

Artikkelforfattarar: Agdal ML, Vegsund IR, Øvland L, Berge KG, Vika MG