Hindringar og moglege løysingar for tannbehandling for personar med psykiske helseutfordringar

Studien byggjer på intervju med 51 personar med langvarige psykiske helseutfordringar om deira erfaringar med tannhelsetenesta.

Me var særleg opptatt av kva pasientane opplevde som hindringar i møte med tenesta, og kva dei såg som moglege løysingar for betre å kunna få tilgang til nødvendig tannhelsehjelp.

Dei rapporterte hindringane samla seg om to uttalte tema: praktiske forhold og relasjonen til tannlegen. Dei praktiske forholda gjeld vanskar med bestilling av time, oppmøte og oppfølging av avtalar, samt usikkerheit rundt økonomi.

Forholdet til tannlegen omfattar pasientens utryggheit, skam og mindreverdsfølelse i møte med personar og system dei ikkje kjenner og der dei ikkje opplever seg forstått og ivaretatt. Forslaga til løysingar handlar om å iverksetja tiltak som styrker kontinuitet og forutsigbarhet for pasientane, blant anna ved sterkare samarbeid med psykisk helseteneste samt kompetanseheving og tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.

Hovudforfattar til publikasjonen er Jofrid Bjørkvik ved TkVestland. Medforfattarar er Diana Henriquez Quintero frå Stord tannklinikk, Margrethe Vika frå TkVestland og Geir H Nielsen og Jorma Virtanen frå UiB.

Les heile publikasjonen