Hindringar for bruk av tannhelsetenester hjå pasientar i LAR

Forskar Anne Åstrøm ved TkVestland og Universitetet i Bergen er ein av forfattarane i ein ny publikasjon i det anerkjende tidsskriftet BMC om tannhelsepersonell og pasientar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) sitt perspektiv på hindringar for bruk av tannhelsetenester hjå pasientar i LAR.

På tross av stort behov for tannbehandling hjå pasientar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er det få som nyttar seg av det offentlege tannhelsetilbodet, som er kostnadsfritt for denne pasientgruppa i Vestland. Gjennom ein kvalitativ studie, der 63 LAR-pasientar og tannhelsepersonell deltok, vart potensielle barrierar for LAR-pasientar sin bruk av det offentlege tannhelsetilbodet undersøkt.

Resultata viste at det låg føre både strukturelle og individuelle hindringar. Mangel på samsvar mellom pasientane sine forventningar og tannhelsetenesta sitt behandlingstilbod, tannhelsepersonellet sin mangelfulle kunnskap om LAR, både på individnivå som pasient, men og som system.

LAR-pasientar si oppleving av stigmatisering, odontofobi, angst og problem med å møte til time var nokon av barrierane som vart framheva. På tross av desse barrierane vil det ved hjelp av relativt enkle midlar vera mogeleg å auke andelen LAR-pasientar som nyttar seg av tannhelsetilbodet.

Les heile publikasjonen