Har satsinga på pedodonti gitt resultat?

Studien kartlegg tilvisingar til spesialistar i pedodonti i tidsperioden 2014-2019 ved TkVest/Hordaland. Målet var å sjå på om ei satsing i pedodonti hadde hatt effekt.

Studien fann ein høgare prosentdel av den totale befolkninga barn og unge som vart tilvist samanlikna med tal frå ein tidlegare studie, men det var store regionale ulikheiter og lågast var talet frå tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Erupsjonsproblematikk utgjorde den vanlegaste tilvisingsårsaka. At det frå 2019 ikkje lengre er kostnadsfritt å tilvise til spesialistteneste i Bergen, saman med stopp i vidareutdanning av nye pedodontistar ved Universitetet i Bergen, kan bidra til at færre barn får spesialisttilbod i vest framover.

Publikasjon: https://www.tannlegetidende.no/i/2021/3/m-555

Nor Tannlegeforen Tid
2021; 131: 262—8

Forfattarar: Marit S. Skeie, Anne Marit Graue, Ann Katrin Johansson og Ellen Berggreen