Faktorar som tilrettelegg for bruk av gratis tannhelsetenester blant pasientar i Legemiddelassistert rehabilitering: ein kvalitativ studie i Noreg

Tannhelse er eit tema som er aktuelt for mange rusmiddelavhengige. Sjølv om mange rusmiddelavhengige har tilbod om gratis tannhelsebehandling, er det ifølge forsking få som nyttar seg av tilbodet.

I denne artikkelen ser vi på kva faktorar som tilrettelegg for at fleire pasientar i Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) nytter seg av gratis tannhelsetenester. Ved å gjennomføre intervju, både med tilsette i tannhelsetenesta og LAR-pasientar, får vi ei betre forståing av det som vil kunne auke sannsynligheita for at LAR-pasientar (og kanskje andre pasientar) nytter seg av tannhelsetilbodet. Totalt deltok 63 personar, 33 tannhelsepersonell og 30 LAR-pasientar.

Les artikkelen her

Artikkelforfattere: Siv-Elin Leirvåg Carlsen, Katja Isaksen, Anne Nordrehaug Åstrøm, Lars Thore Fadnes

Det er også publisert ein artikkel om faktorar som er til hinder for at LAR-pasientar nytter seg av tannhelsetilbodet, sett frå perspektiva til tannhelsepersonell og LAR-pasientar. Denne artikkelen kan de lese her: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/34001202/