Brekningar under tannbehandling – etiologi og behandling

Ny artikkel frå TkVestland publisert i Den norsk Tannlegeforenings Tidende syner at brekningsrefleksen kan vera eit hinder for god oral helse og evna til å gjennomføre oral undersøkelse og tannbehandling

Hovudbodskap

  • Brekningsrefleksen kan vera eit hinder for god oral helse og evna til å gjennomføre oral undersøkelse og tannbehandling
  • Refleksen hindrar aspirasjon av framandlegeme til halsen, men kan forsterkast av psykiske og sosiale faktorar i pasienten sitt liv
  • Ekstreme brekningar kan behandlast, men krev spesifikk kunnskap om oppretthaldande faktorar og behandling

Brekningar kan ha alvorlege konsekvensar for pasientar si tannhelse. Pasientar med alvorleg brekningsrespons bør behandlast med kunnskap om etiologiske og oppretthaldande faktorar for brekningar og atferdsmodifiserande behandling. Klinisk erfaring viser at personar som har erfart seksuelle overgrep treng fleire repetisjonar og betre verbal konkretisering av eksponeringane enn andre.

Kontroll og meistring er nøkkelfaktorar i behandlinga og desse faktorane kan ein også nå, sjølv når pasienten er sedert og læringseffekten er redusert.

Forfattarar

  • Maren Lillehaug Agdal, pedodontist, TkVestland (hovudforfattar)
  • Christel Wootton, Psykologspesialist, TkVestland
  • Margrethe Elin Vika, Psykolog, TkVestland
  • Therese Thornton Sjursen, Psykologspesialist, TkVestland

Les artikkelen i Tannlege Tidende.