Barn som vert avhøyrt på barnehusa bør få kropp og tenner undersøkt

Leiar av barnehuset i Bergen meiner at dette går ut over rettssikkerheita at berre eit av fem barn som vert avhøyrt på barnehusa får ei rettsmedisinsk undersøking.

I ein artikkel i Bergens Tidende, Aftenposten og Stavanger Aftenblad set Kompetansenettverk vest fokus på at berre eit av fem barn som vert avhøyrt på barnehusa får ei rettsmedisinsk undersøking. Leiar av barnehuset i Bergen, Kristin Konglevoll Fjell, meiner at dette går ut over rettssikkerheita.

Barn sin kropp vert utsett for ei kriminell handling når dei vert utsett for vold eller overgrep. Dei fleste barna bør difor undersøkast av lege og tannlege når dei kjem til Statens barnehus. Dette meiner ei tverrfagleg gruppe med fagfolk i Kompetansenettverk vest, som jobbar tett på dei utsette barna.

Kompetansenettverk vest, er representert ved Statens barnehus Bergen og avd. Førde,  Statens barnehus Stavanger, Tannhelse Rogaland, Vestland tannhelseteneste, Universitetet i Bergen, RVTS vest og Tannhelsetjenestenes kompetansesenter Vestland.

Les artikkel i Bergen Tidende om dette (krev abonnement)