Angstbehandling for barn

Angstbehandling for barn og ungdom som har tannbehandlingsangst og sprøytefobi.

Kva gjer vi?

Senter for odontofobi (SFO) og lokale tverrfaglege team tar imot born og ungdom med angst for tannbehandling eller sprøyteskrekk hos tannlege. SFO tilbyr også tilrettelagt tannbehandlingstilbud til pasientar som er utsette for overgrep og tortur (TOO).

Ved SFO driv vi og med forsking innafor dette fagområdet. For tida tek vi imot pasientar frå heile Vestland fylkeskommune, mens pasientar i nærleiken av Stord, Sogndal og Florø kan ta direkte kontakt med tverrfagleg odontofobiteam på staden. 

Kven kan få behandling?

Behandlinga er gratis for born og ungdom som bur i Vestland fylkeskommune. 

Du må rekne med at det er ventetid.

TOO-team i Vestland fylkeskommune:

Kva er målet med angstbehandlinga?

Målet for behandlinga er å få redusert angst for tannbehandling/sprøyte, slik at det er mogeleg å få gjennomført vanleg tannbehandling hos eigen tannlege.

Kva består behandlinga av?

Ein kartleggingssamtale med psykolog og ca. 5 behandlingstimar hos tannlege. 

All behandling startar med ein samtale med psykolog der vi kartlegg problema til pasienten knytt til angst for tannbehandling, og der vi kjem med forslag om eit behandlingsopplegg. Samtalen med psykolog tar vanlegvis ca. 1 time. Før samtalen vil pasienten også bli bedt om å fylle ut nokre spørjeskjema. Samtalen skjer i eit vanleg rom utan tannlegeutstyr.

Første time av angstbehandling hos tannlege startar vanlegvis veka etter samtalen med psykolog. Behandlinga skjer gradvis ved at behandlarane forklarer, demonstrerer og utfører deler av angstbehandlinga og tannbehandling i små” porsjonar”, slik at pasienten har kontroll med kva som skjer. 

Tilvising til senter for odontofobi

Tilvisinga må innehalde:

  • Pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
  • Relevante kliniske og sjukehistoriske opplysningar
  • Klinisk diagnostisk problemstilling
  • Opplysningar om ev. trygderefusjon

For tilsette i tannhelsetenesta

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til tkvestland@vlfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvising.