Normal aktivitet på tannklinikkane

Tannhelsetenesta trappar opp til normal aktivitet på tannklinikkane.

Etter ei tid med redusert aktivitet, trappar no alle tannklinikkane i Vestland tannhelseteneste opp aktiviteten og har tilnærma normal drift igjen.  

Det er viktig at du tek kontakt med tannklinikken på telefon for å avbestille time dersom

  • du eller nokon i husstanden din er heimeisolert på grunn av covid-19 eller i heimekarantene
  • du i løpet av dei siste 10 dagane har vore utanfor Noreg
  • du dei siste 7-14 dagar har hatt symptom på førkjølelse eller influensa

Kontaktinformasjon til din tannklinikk finn du her. 

Har du behov for tannhelsehjelp?

Ved behov for time så ta kontakt med eigen tannklinikk på telefon. Vi ber om at ingen pasientar møter direkte på tannklinikken utan avtale. 

Under koronavirus-epidemien har vi strenge rutinar for smittevern for å hindre at du blir smitta eller kan smitte andre i våre lokaler. Før du kjem til timen, vil vi kartlegge om du kan vere smitta av kornaviruset, og du vil difor bli bedt om å svare på nokre spørsmål. Dette gjeld også eventuelt følgje. 

Pasientar kan som hovudregel ikkje ha med seg følgje inn på tannklinikken. Berre barn under 16 år og pasientar som treng følgje kan ha med seg éin (1) følgjeperson. 

Smittevernråd ved reise i Noreg

Me ber studentar og andre som kjem frå område med mykje smitte til område med lite smitte, om å vere særleg forsiktig dei første 10 dagane. Har du time på tannklinikken i løpet av dei 10 første dagane etter at du har komt heim frå eit område med mykje smitte, så ta kontakt med din tannklinikk for eventuell utsetting av time. 

Møt presis til timen

Med omsyn til smittevern ber me alle våre pasientar om å komme så presis som mogleg til timen. Du må rekne god nok tid til å finne fram, men ikkje kom alt for tidleg. Vi ber deg heller ikkje komme for seint, så vi kan unngå forseinkingar og unødvendige avbrot i behandlinga. 

Alle som kjem til tannklinikken skal vaske eller desinfisere hender når dei kjem og når dei går.  

Betaling

Betaling føregår via debetkort. 

Tannbehandling ved smitte 

Behandling av pasientar med mistenkt, sannsynleg eller påvist smitte, skal i hovudsak utsettast. Ved behov for akutt tannbehandling vil pasienten bli tilvist til eigne beredskapsklinikkar. 

Vi følgjer kontinuerleg med på informasjon og råd frå helsestyresmaktene. Dei ulike smittetiltaka er sett i verk for å bidra til å avgrense epidemien og for å sikre forsvarleg drift av våre tannklinikkar.

Tannlegevakta i Bergen

Utanom ordinær opningstid, kan pasientar ringe tannlegevakta i Bergen på tlf.:
55 31 03 10/tannlegevakta i Haugesund, tlf.: 90 12 96 00.

Kontaktpersonar i Vestland tannhelseteneste

  • Siri E. Vold, områdeleiar Nord tannhelseområde, tlf.: 57 63 80 64
  • Mette S. Vallentinsen, områdeleiar Sentrum tannhelseteneste, tlf.: 92 88 72 98.
  • Agnete N. Kaldestad, områdeleiar Vest tannhelseområde, tlf.: 41 64 49 36
  • Margareth S. Råen, områdeleiar Sør-Aust tannhelseområde, tlf.: 99 02 13 32
  • Lathamini Murugesh, fylkestannlege, tlf.: 90 09 31 36

 

Finn din tannklinikk