Akuttklinikk for koronasmittede

Grunna koronaviruset avlyser tannhelsetenesta all ordinær tannbehandling og oppretter akuttklinikk for smittede på Sørås.

All ordinær tannbehandling vert avlyst med verknad frå og med 13. mars og inntil vidare.  Dei fleste tannklinikkane kan ta imot friske pasientar som har behov for akutt tannbehandling. 

Vanleg akutthjelp er forbehaldt klinikkens pasienter som har rett på offentleg tannbehandling.

Voksne friske pasienter som har sin egen private tannlege skal ringe dit å få evt akuttbehandling.

Vi følgjer kontinuerleg med på informasjon og råd frå helsestyresmaktene. Tiltaket er sett i verk for å bidra til å avgrense epidemien og for å sikre forsvarleg drift.

Akutt behandling av smitta/mistenkt smitta av korona

Med bakgrunn i situasjonen rundt utbrot av koronavirus, har Vestland tannhelseteneste, Bergen tannlegeforening, Sogn og Fjordane tannlegeforening og Universitetet i Bergen (odontologisk klinikk) inngått samarbeid om akutt behandling av personar med bekrefta smitte/mistanke om smitte. Bakgrunnen for samarbeidet er reduksjon av smittespreiing.

Akuttbehandlinga skal gå føre seg på nokre av våre offentlege tannklinikkar. Det er oppretta éin akuttklinikk i det mest befolkningsrike område i Vestland. Dette er Sørås tannklinikk i Bergen. Ellers vil det bli oppretta akuttklinikkar ad hoc i kommunane i Vestland fylke ved behov frå koronapasientar.

Ved smittepasienter/ evt mistanke om smitte, er det din tannlege som skal vurdere om din skade må få umiddelbar behandling. Tannlegen skal så ringe til Sørås og avtale time for tilrettelagt akuttbehandling på Sørås tannklinikk. 

Utanom ordinær opningstid, kan pasientar ringe tannlegevakten i Bergen på tlf.: 55 31 03 10.

Kontaktpersonar for akuttberedskapen i Vestland tannhelseteneste er:

  • Siri E. Vold, områdeleiar Nord tannhelseområde, tlf.: 41 22 43 09
  • Mette S. Vallentinsen, områdeleiar Sentrum tannhelseteneste, tlf.: 92 88 72 98.
  • Agnete N. Kaldestad, områdeleiar Vest tannhelseområde, tlf.: 41 64 49 36
  • Margareth S. Råen, områdeleiar Sør-Aust tannhelseområde, tlf.: 99 02 13 32

Det utarbeidd ein felles rutine/prosedyre for behandling av pasientar med mistenkt eller påvist smitte av korona.  

Finn din tannklinikk