Hjelp, eg har slått ut ei tann

Rask undersøking og behandling hos tannlege er viktig for å få best mogeleg hjelp om du har fått slått ut ei tann.

Rett diagnose og behandling tidlig etter skaden er viktig for å få eit best mogeleg resultat. Eksemplar på skader kan vere utslått tann, brot i tannkrona, brot i tannrota, tann slått ut av stilling, brot i kjevebeinet.

Kva gjer du?

  • Kontakt tannklinikken snarast mogeleg
  • Er det eit barn som er skada: Ro ned og trøyst barnet. Fjern eventuelle lause tannbitar frå munnen.

Førstehjelp når tanna er slått ut

  • Finn tanna.
  • Er den skitten? Skyl forsiktig i rennande vatn, utan å ta på rota.
  • Sett tanna tilbake på plass dersom det er mogeleg. Om tanna er raskt tilbake på plass, er det større sjanse for at det går bra med den.
  • Om du ikkje klarar å sette tanna på plass sjølv, tar du den med til tannlegen. Legg den i mjølk eller vatn, så den ikkje blir tørr.
  • Husk å få stivkrampevaksine viss tanna har vore på bakken.

Mjølketenner

Skade på mjølketenner kan gje skade på dei nye tannanlegga. Det viktigaste er å ta omsyn til dei nye, permanente tennene. Mjølketenner skal ikkje setjast inn igjen i kjeven, det kan skade dei nye tennene.

Behandling

Tannlegen diagnostiserer og gir nødvendig akuttbehandling. Det er ofte bruk for ny time til behandling og kontroll. 

Etterkontroll

Ei skadd tann skal kontrollerast ein eller fleire gonger. Skadde tenner kan endre farge, bli betente, lause eller vonde. Følg med på om det kjem ein kul i tannkjøtet ut for rota på tanna. For små barn kan det vera vanskeleg å gje uttrykk for smerter. Viss barnet har vanskar med å ete kan smerte vera grunnen.

Registrer skaden

Skadde tenner kan ha behov for oppfølging over lang tid, permanente erstatningar må nokre gonger vente til pasienten er 18-20 år. Hugs å få skaden registrert hos NAV eller forsikringsselskap. Skule, barnehage, idrettslag eller du sjølv (eigen forsikring) sender skademeldinga.