Endring i tannhelsetilbodet til 21-26-åringar
21-26-åringar har tidlegare fått 50 prosent rabatt på tannbehandling. Fylkeskommunen har no fått avklaring og informasjon om endring av tannhelsetilbodet til 21-26-åringar.

Hovudendringar
- 21-24-åringar: Endring frå 50 prosent rabatt til 75 prosent rabatt på nødvendig tannbehandling.
- 25-26-åringar: Endring frå 50 prosent rabatt til ingen rabatt.
Endringane gjeld frå 28. mars 2023.
Tannhelsetilbod til 21-24-åringar
Vedtaket til Stortinget om at 23-26-åringar frå 1. januar 2023 skulle få 50 prosent rabatt på tannbehandling er endra. Alle som er mellom 21 og 24 år (født 1999-2002) får no 75 prosent rabatt hos tannlege og tannpleiar på offentlege tannklinikkar frå 28. mars 2023.
Tilbodet følger kalenderåret ut det året du blir 24 år, så dette gjeld deg som er født i åra 1999-2002, dvs. fyller 21, 22, 23 eller 24 år i 2023. Fyller du t.d. 24 år i februar vil du likevel ha rett på rabatt ut desember det året.
Tilbodet omfattar nødvendig tannhelsehjelp. Kosmetisk tannbehandling gir ikkje rabatt.
Kva gjer eg for å få rabatten for 21-24-åringar?
Ta kontakt med din offentlege tannklinikk for å avtale innkalling, dersom du ikkje allereie har avtale om å bli innkalla. Finn din tannklinikk.
Kan eg som er 21-24 år fortsette å gå til min private tannbehandlar?
Det kan du, men du vil då ikkje få rabatt på tannbehandling etter denne ordninga. Den private tannbehandlaren kan ikkje lenger fakturere fylkeskommunen utan avtale med den lokale tannklinikken, og det vil i all hovudsak ikkje vere mogleg å få refundert tannbehandling utført privat etter 28. mars.
Unntak frå dette er irreversibel tannbehandling påbegynt før 28. mars 2023. Dette vil f.eks. vere rotfylling der første besøk var før 28. mars og andre besøk er sett opp i nær framtid etter 28. mars. Det er ikkje nok at det er laga ein behandlingsplan. Ta kontakt med din private tannlege om for å avklare vidare behandling.
Er du 21-26 år og har tatt i mot tannbehandling i januar, februar og mars 2023?
Ordninga med 75 prosent rabatt for 21-24-åringar har ikkje tilbakevirkande kraft og gjeld frå 28. mars 2023. Om du har tatt i mot tannbehandling i perioden 1. januar 2023 til 28. mars 2023 har du allereie fått 50 prosent rabatt.
Dersom du ikkje allereie har fått rabatt kan du søke om å få refundert 50 prosent av dokumenterte utgifter for tannhelsehjelp på timeavtalar på private tannklinikkar i perioden 1. januar 2023 til 28. mars 2023.
Bruk det digitale refusjonsskjema når du skal søke om refusjon for tannhelsetenester utført på privat tannklinikk. Du vil bli bedt om å legge ved spesifiserte kviteringar på tannbehandlinga med banktransaksjon i søknaden. Vi ønsker ikkje kopi av journal.
Dersom du skulle oppleve problem med innsending via det digitale skjema kan du sende inn pdf. Denne må du skrive ut, fylle inn all informasjon og sende det til Vestland fylkeskommune via eDialog.
Lang saksbehandlingstid
På grunn av stort antal mottatte søknadar har vi for tida lang saksbehandlingstid. Vi beklagar dette, og har iverksett tiltak for å korte ned saksbehandlingstida. Saksbehandlingstida for refusjon av tannbehandling på privat tannklinikk er no opp til tre månader. Søknadane blir behandla og utbetalt fortløpande.
Vidare tannbehandling for 25-26-åringar
På grunn av endringane i vedtaket frå Stortinget så må du som fyller 25 eller 26 år i 2023 betale full pris for tannbehandling utført etter 28. mars 2023 både på privat og offentleg tannklinikk og vil ikkje ha rett på vidare refusjon.
Unntak frå dette er irreversibel tannbehandling påbegynt før 28. mars 2023. Dette vil f.eks. vere rotfylling der første besøk var før 28. mars og andre besøk er sett opp i nær framtid etter 28. mars. Det er ikkje nok at det er laga ein behandlingsplan.