21- og 22-åringar får rabatt på tannbehandling

Er du fødd i år 2000 eller 2001? Då har du no rett på 50 prosent rabatt hos tannlege og tannpleiar. Slik søker du refusjon.

smilende ungdommar sen ned i kamera . tekstboks: 21-22 åringar får 50% rabatt hos tannlegen.
Illustrasjonsfoto: Canva.com

Regjeringen har bestemt at 21- og 22-åringar skal få 50 prosent rabatt på tannbehandling etter fylkeskommunale takster frå 1. januar 2022. 

Dette gjeld deg som er født i 2000 og 2001, dvs. fyller 21 eller 22 år i 2022. Tilbodet følgjer kalenderåret ut det året du blir 22 år.

Du vil få tilbod om tannhelsetenester til 50 prosent rabatt frå ein av dei offentlege tannklinikkane.

Tilbodet omfattar nødvendig tannhelsehjelp. Kosmetisk tannbehandling gir ikkje rabatt.

Har du vore på privat tannklinikk i januar,  februar eller mars i 2022?

Du vil få refundert 50 prosent av dokumenterte utgifter for tannhelsehjelp på timeavtalar i januar, februar og mars 2022.

Fyll ut refusjonsskjemaet, legg ved spesifisert kvittering og send via sikker e-post med eDialog:

Send sikker e-post med eDialog

eller du kan sende det i posten til:

Vestland fylkeskommune, tannhelsetenesta
Postboks 7900
5020 Bergen.

Har du vore på offentlig tannklinikk i 2022?

Du vil få refundert 50 prosent av dokumenterte utgifter. Fyll ut refusjonsskjemaet eller bruk Sikker e-post med eDialog.

Ingen kvittering er nødvendig.