Tannhelsetilbod til 19-26-åringar
Frå det året du fyller 19 år, og ut det året du fyller 26 år, kan du ha rett på nødvendig tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta.
Tannhelsetilbod til 19-24-åringar
Alle som er 19-24 år, og har budd i Noreg i fem år eller meir, har rett på eit oppsøkande og regelmessig tannhelsetilbod hos tannlege og tannpleiar på offentlege tannklinikkar. Dersom du ikkje allereie har avtale om oppfølging på offentleg tannklinikk, men ønsker det, så ta kontakt med din offentlege tannklinikk.
Tannregulering, som brukast for å behandle bittavvik og tannstillingsfeil. og Endring av utseende på tennene, som tannbleiking o.l.tannbehandling gir ikkje rabatt.
Tannhelsetilbod til 25-26-åringar
Alle som er 25-26 år, og har budd i Noreg i fem år eller meir, har frå 1. juli 2024 rett på 75 prosent rabatt på nødvendig tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta. Tilbodet har ikkje tilbakevirkande kraft.
Du må sjølv ta kontakt med din offentlege tannklinikk for å få tilbodet. Sjekk her for å finne din tannklinikk.
Kva gjer du som er 19-26 år for å få tannhelsetilbod med rabatt?
- Ta kontakt med din offentlege tannklinikk, dersom du ikkje allereie har time eller avtale om oppfølging hos offentleg tannklinikk. Finn din tannklinikk.
- Dersom din tannklinikk ikkje har kapasitet til å ta deg inn på noverande tidspunkt, kan du bli vist vidare til ein anna offentleg tannklinikk eller bli sett på venteliste. Om du får akutte problem i ventetida, så ta kontakt på ny med din tannklinikk.
Det er di folkeregistrerte adresse som avgjer kva tannklinikk du høyrer til. Dersom du har midlertidig adresse i andre delar av fylket eller landet, så ta kontakt med den offentlege tannklinikk som er nærast di midlertidige adresse. Studentar eller andre med midlertidig adresse i Bergensområdet kan ta kontakt med Viken tannklinikk.
Behandling utført privat og innsendte refusjonskrav
Om du har hatt tidlegare avtale om å gå privat og søke om refusjon frå fylket, så kan du framleis søke om refusjon på tannbehandling utført før 1. november 2024 i digitale refusjonsskjema. Kontonummeret du ønsker å få pengane refundert til må tilhøyre deg for at tilbakeføringa av pengane skal gå igjennom. Hugs å føre opp ditt eige kontonummer og ikkje foreldre eller andre som har lagt ut for deg sine kontonummer.
Du vil bli bedt om å legge ved spesifisert kvittering på tannbehandlinga. Ei slik kvittering syner godkjent betaling (gjennomført transaksjon) og kva tannbehandling som er utført (spesifisert kvittering). Vi ønsker ikkje kopi av journal.
Skjemaløysinga for refusjon vil bli avvikla frå 1.1.2025, så pass på å sende inn eventuelle refusjonskrav så snart som råd.
Ventetid
Vi får inn mange refusjonskrav og saksbehandlingstida kan i periodar vere lang, på opp til 2-3 månadar. Du får ikkje brev om at du har fått refusjon, sjekk gjerne kontoen din.
For privat tannhelsepersonell
Du som er privat behandlar finn meir informasjon under 19-26 åringar på sida "For samarbeidspartane til tannhelsetenesta".