Oppvekstbarometer Vestland 2020

(trykk på pila for å utvide)

Oppvekststatistikk i interaktive kart

Folkehelseinstituttet publiserte oppvekstprofilar for kommunar og bydelar 9. september.

Gjennom nye verktøy har Vestland fylkeskommune laga ei samla oversikt over resultata i oppvekstbarometeret for alle 43 kommunar i Vestland fylke, og for bydelane i Bergen: lenke.

Dette er eit nyttig verktøy for å raskt å få overblikk over oppvekstsituasjonen i kommunane og fylket. I karta viser vi om bydelane og kommunane skil seg signifikant frå landssnittet, og du kan sjå tala bak og utvikling for kvar bydel/kommune/fylke med få tastetrykk.

Ver merksam på at også «grøne» verdiar kan innebere viktige utfordringar for kommunane, for landsnivået representerer ikkje alltid eit ønska nivå. For meir detaljerte analysar bør ein lese dei enkelte oppvekstprofilane og supplere med annan informasjon. Oppvekstprofilane for dei enkelte kommunane kan lastast ned her. Alle indikatorane med utfyllande informasjon finns i Kommunehelsa statistikkbank.

Sjekk ut vår nye interaktive løysing!

Desse og dei andre indikatorane kan ein utforske med vår interaktive løysing. Vi testar med dette ut eit nytt verktøy for visualisering av statistikk, og tar gjerne imot tilbakemeldingar og kommentarar.