Folkehelsebarometer Vestland 2020

Folkehelsestatistikk i interaktive kart

Folkehelseinstituttet publiserte folkehelseprofilar for kommunar og bydelar 4. mars, og for fylka 24. mars.

Gjennom nye verktøy har Vestland fylkeskommune laga ei samla oversikt over resultata i folkehelsebarometeret for alle 43 kommunar i Vestland fylke, for bydelane i Bergen, og for fylka i landet: lenke (du kan òg kome til barometeret ved å klikke på ingressen).

Dette er eit nyttig verktøy for å raskt å få overblikk over folkehelsesituasjonen i kommunane og fylket. I karta viser vi om bydelane, kommunane og fylka skil seg signifikant frå landssnittet, og du kan sjå tala bak og utvikling for kvar bydel/kommune/fylke med få tastetrykk.

Ver merksam på at også «grøne» verdiar kan innebere viktige folkehelseutfordringar for kommunane og fylka, for landsnivået representerer ikkje alltid eit ønska nivå. For meir detaljerte analysar bør ein lese dei enkelte folkehelseprofilane og supplere med annan informasjon. Folkehelseprofilane for dei enkelte kommunane kan lastast ned her. Alle indikatorane med utfyllande informasjon finns i Kommunehelsa statistikkbank.

Tema for 2020 er sosial berekraft

Folkehelseinstituttet har i år publisert tre nye indikatorar knytt til sosialt berekraftige lokalsamfunn:

Trygt nærmiljø

Indikatoren trygt nærmiljø er henta frå Ungdata-undersøkinga. Her finns svar frå ungdomsskuleelevar i 30 kommunar i fylket. Av desse er det åtte kommunar som ligg signifikant betre an enn landsnivået, 20 kommunar ligg likt med landsnivået, og berre to kommunar—Bergen og Askøy—der ungdommen føler seg signifikant mindre trygge i sitt nærmiljø på kveldstid enn landsnivået. Det er ingen av bydelane i Bergen der ungdommen føler seg tryggare enn landsnivået. Denne indikatoren finns ikkje på fylkesnivå.

Her har vi imidlertid lært frå rapporten “Korleis har ungdommen i Hordaland det?” at kven som kjenner seg utrygge ikkje er jamt fordelt mellom ungdom. Også i kommunar der ungdommen i snitt opplever nærmiljøet som trygt, er det fleire som kjenner seg utrygge blant dei som oppgjev å bu i ein familie med dårleg råd.

Kollektivtilbod

Tilfredsheit med kollektivtilbod er òg henta frå Ungdata. Bergen er einaste kommune i fylket der ungdomsskuleelevane er signifikant betre nøgd enn landet på denne indikatoren. Dette gjeld òg alle bydelane. Fem kommunar er likt med landsnivået, mens heile 27 kommunar ligg signifikant dårlegare an enn landsnivået på ungdommar si vurdering av kollektivtilbodet.

Denne indikatoren er heller ikkje laga for fylka, men det ser ikkje ut som om Vestland skil seg frå resten av landet: ungdom i distriktskommunar er mindre nøgd med kollektivtilbodet enn ungdom i sentrale kommunar (sjå t.d. kommunekart frå Ungdata her. Sjå også rapport frå Distriktssenteret. Det same mønsteret ser vi også for den vaksne befolkninga. Denne kunnskapen fekk vi t.d. gjennom dei to fylkeshelseundersøkingane vi gjennomførte for Hordaland (2018) og Sogn og Fjordane (2019).

Melde tilfelle av vald

Når det gjeld melde tilfelle av vald ligg fylket og 22 kommunar signifikant betre an enn landsnivået. Fem kommunar er likt med landsnivået. Berre Bergen kommune ligg signifikant dårlegare an enn landsnivået. 15 kommunar manglar data, og det finns ikkje data på bydelsnivå. Likevel vil det i hovudsak vere i Bergenhus at mange av tilfella av vald skjer, i samband med skjenkestader. Det betyr ikkje at det treng vere innbyggjarane i Bergenhus som er særleg utsette, men at innbyggjarar frå andre bydelar—og kommunar—også utøver og blir offer for vald. Tala per innbyggjar kan dermed vere for låge for dei omkringliggande kommunane.

Sjølv om indikatoren er ny i folkehelsebarometeret, er det publisert historiske data. Historikken viser ei positiv utvikling for Vestland og Bergen sin del, og negativ for landet sin del. For 2017-2018 var det i Bergen 7,9 melde tilfelle av vald per 1000 innbyggjarar, mot 8,1 i 2016-2017, og 8,2 i 2015-2016. Det høgaste vi har tal på, er 2008-2009, med 8,9 melde tilfelle. Til samanlikning var landet på sitt lågaste i 2014-2015 og 2015-2016 med 6,6 tilfelle per 1000 innbyggjarar, og dette har auka brått til 6,9 tilfelle i 2017-2018.

Sjekk ut vår nye interaktive løysing!

Desse og dei andre indikatorane kan ein utforske med vår interaktive løysing. Vi testar med dette ut eit nytt verktøy for visualisering av statistikk, og tar gjerne imot tilbakemeldingar og kommentarar.