Organisering av statistikk, kart og analyse i Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune skal bidra til kunnskaps- og kompetanseutvikling som skal tene heile vestlandssamfunnet. Denne oppgåva ligg til heile organisasjonen, og fleire fagavdelingar bidreg med kunnskapsproduksjon.

Til å støtte utarbeidinga og formidlinga av dette har avdeling for strategisk utvikling og digitalisering ein eigen seksjon for statistikk, kart og analyse. Seksjonen har eit spesielt ansvar for lovpålagde statistikk- og analyseoppgåver knytt til folkehelse og regional planlegging.

Omfattande produksjon

Fylkeskommunen har ein omfattande statistikk- og analyseproduksjon. Fleire fagavdelingar har styrka eiga satsing på dette feltet, og for å ytterlegare styrke, koordinere og formidle kunnskapen frå dette, har fylkeskommunen etablert ein eigen seksjon for statistikk, kart og analyse. Seksjonen er plassert i stabsavdeling for strategisk utvikling og digitalisering, og analysesjef inngår i avdelinga si leiargruppe.

Fylkeskommunen har med dette ambisjonar om å dele meir kunnskap med ålmeinta enn før samanslåinga, og å trekkje fordeler av organiseringa saman med strategisk utvikling og digitalisering.

Eigen rapportserie

Fylkeskommunen sin eigen kunnskapsproduksjon vil gå ut til publikum via vår rapportserie Vestlandsanalysar. Du finn desse under rapportar og analysar. Her vil du òg finne rapportar sortert etter tema, inkludert rapportar innkjøpt frå eksterne miljø. Forvaltningsrevisjonar er ein eigen kategori, som blir levert til kontrollutvalet frå våre eksterne revisjonsselskap.

Vår statistikkteneste, statistikk.ivest.no, og vår kartteneste, fylkesatlas.no, skal gjere det enkelt å finne fram til og analysere data på eiga hand. Her finn du oppdatert informasjon om fylket, kommunane eller regionar i kart og tabellar. Vi utviklar eller driftar også ulike verktøy som kommunar og andre kan nytte i sitt eige analysearbeid.

Ta gjerne kontakt om det er noko du ikkje finn, eller om du har behov eller idear til analysar som kan kome vestlandssamfunnet til gode! 

Tilsette i seksjon for statistikk, kart og analyse

Analyserådgjevarar

Jannicke Holmseth Bukve, rådgjevar, Leikanger                                                                  Mob: 48 49 48 06
E-post: jannicke.holmseth.bukve@vlfk.no
Fagfelt: Molekylærmedisin, folkehelse, demografi, statistikk

Turid Skrede, seniorrådgjevar, Leikanger                                                                                Mob: 99 24 65 50                                                                                                                      E-post: turid.skrede@vlfk.no                                                                                                  Fagfelt: Idrett og fysisk aktivitet, helsefremjande folkehelsearbeid, statistikk og metode

Kamilla Haugsbakk Lyssand, rådgjevar, Bergen
Mob: 48 15 60 36
E-post: kamilla.haugsbakk.lyssand@vlfk.no
Fagfelt: Sosiologi, folkehelse, demografi, statistikk

Mie Dahl Pind, rådgjevar, Leikanger (i permisjon til 1.10.22)
Mob: 45 11 82 31
E-post: mie.dahl.pind@vlfk.no
Fagfelt: Helsefremjande arbeid, berekraft, folkehelse, demografi, statistikk

GIS-rådgjevarar

Abebe Girmay Adera, rådgjevar, Leikanger
Mob: 45 63 09 11
E-post: abebe.girmay.adera@vlfk.no
Fagfelt: GIS, kart, energi, vann og miljø