Bli med på barnefamilieundersøkinga 2022

Kva for tilbod og aktivitetar er barna dine med på i fritida? Alle barnefamiliar i Vestland er inviterte til å delta i barnefamilieundersøkinga, der vi kartlegg fritida til barn og unge.

fire barn i et basseng ser mot kamera.
SYMJING, FOTBALL ELLER SPEIDER'N?: Korleis ser fritida til barn i Vestland ut? Det vil Vestland fylkeskommune saman med Bergen kommune finne ut av gjennom barnefamilieundersøkinga. FOTO: Bergen kommune.

Svar på undersøkinga

Undersøkinga blir sendt ut frå ein e-post med avsendar Barnefamiliepanelet, og e-postadressa Vestland.fylkeskommune@confirmit.eu for deg som bur i ein annan kommune enn Bergen og Bergen.kommune@confirmit.eu for deg som bur i Bergen.

Du svarer på undersøkinga via i e-posten du har fått. Der ligg den ein unik lenke til til deg. Du treng ikkje logge på med BankID.

Dersom du ønskjer kan du òg kome til undersøkinga via denne lenka:

Svar på familieundersøkinga

Du må taste inn koden som du finn i e-posten for å svare på denne måten.

Dette er barnefamilieundersøkinga

Vestland fylkeskommune står saman med Bergen kommune bak denne barnefamilieundersøkinga. Resultata frå undersøkinga vil gi viktig kunnskap i arbeidet med å betre fritidstilbodet og skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Undersøkinga blir 23.- 24. mai sendt ut via e-post til foresatte med barn på fra 3 til og med 17 år i fylket. Frist for å svare er 17. juni.

Kva spør vi om?

  • Vi spør om kva barn og unge er med på av idrett, kultur og friluftsliv, og kva dei driv på med av eigenorganiserte aktivitetar og anna på fritida.
  • Vi spør òg om ting som kan ha betydning for deltaking som avstand, transport, pris, informasjon mm.
  • Vi stiller spørsmål om foreldra sine aktivitetar og interesser, om familien si utdanning og økonomi. Disse spørsmåla kan bli gjentatt i seinare undersøkingar for å kunne følgje endringar over tid, og som følge av kommunale satsingar.
  • Vi spør og om mediebruk og samfunnsdeltaking. 

Vi tek vare på personvernet ditt

Alle svar blir avidentifisert slik at ingen svar kan bli ført tilbake til det enkelte barnet eller den enkelte familien. På nettsidene til Bergen kommune står det meir om databehandlaravtaler, lovverk og personvernombod.

Kva slags undersøking er dette?

Barnefamiliepanelet er ei spørjeundersøking som blir gjentatt fleire gangar med de same personane. Det gjer at vi kan sjå endringar over tid og utdjupe spørsmål basert på det vi finn i første omgang. Panelet skal gi kunnskap om heile fritidslivet til barn og unge. Målet er at fleire skal med, og at tilbodet blir betre. Det er frivillig å delta. Alle svar blir behandla konfidensielt og blir anonymisert.

Kven står bak undersøkinga?

Bergen kommune har ansvar for design, personvern og analysar. Vestland fylkeskommune bidrar økonomisk, til analysar og med involvering av andre kommunar. Alle kommunane i Vestland er invitert med i å utvikle analysane og til å formidle. Analyser blir og gjort av forskarar ved Universitetet i Bergen og forskingsstiftelsen NORCE. Idretts-, kultur- og friluftsliv kan tolke og bruke resultata.

Er det trygt å svare?

Ja. Det blir gjort eit omfattande personvernarbeid som er lovregulert. Dette blir beskrive på nettsidene. Alle svar blir avidentifisert slik at ingen svar kan bli ført tilbake til det enkelte barnet eller den enkelte familien. På nettsidene står det meir om databehandlaravtaler, lovverk og personvernombod.

Kva får du spørsmål om?

Du blir spurd om kva barnet ditt er med på av idrett, kultur og friluftsliv, og kva det driv på med av eigenorganiserte aktivitetar og anna på fritida. Vi spør òg om ting som kan ha betydning for deltaking som avstand, transport, pris, informasjon mm. Det stilles spørsmål om foreldra sine aktivitetar og interesser, og om familien si utdanning og økonomi. Disse spørsmåla kan bli gjentatt i seinare undersøkingar for å kunne følge endringar over tid, og som følge av kommunale satsingar.

I 2022 er det i tillegg spørsmål om mediebruk og samfunnsdeltaking. Vi spør både for å kunne kople kulturbruk til kor informasjon kommer til familien og for å kunne si meir om samanhengar mellom organisasjonsdeltaking og samfunnsdeltaking.

Kva skal vi bruke svara til?

Kommunar, idrettslag, organisasjonar og andre som lager fritidstilbod treng å vite om dei når fram til ungane, og kven som er med og kven som fell utanfor. Skal kommunane lage gode planar og få meir ut av pengane så trenger dei å vite meir om terrenget, og da gir undersøkinga eit betre kart.

Veit de ikkje nok frå før?

Mykje av kunnskapen vi har er frå organisasjonar, lag og institusjonar. Disse fortel kor mange som er medlemmer eller har kjøpt billett, men vi får ikkje vite kven i befolkninga som er med eller ikkje. Større undersøkingar som spør vanlege folk har få kultur- eller idrettsspørsmål, og er difor ikkje nok til god planlegging eller når vi skal gi eit løft for dei som fell utanfor.

Kven blir spurt om å delta?

Vi spør ein tilfeldig plukka forelder av barn mellom 3 og 18 år som bur i Vestland fylke. Invitasjonen blir sendt via e-post til den adressa som er registrert i folkeregisteret. Du kan kun svare gjennom den sikre koplinga i invitasjonen, og kun om det barnet som er trekt ut. Grunnen er både knytt til sikkerheit og fordi det alt er data om barnet som er trekt ut i skjemaet.

Kan eg svara på undersøkinga sjølv om ho er sendt til den andre føresette? 

Nei, dessverre. Undersøkinga inneheld spørsmål knytt til den av dei føresette som er trekt ut til å svare. Det er difor viktig at det er den som har mottatt undersøkinga som svarar på spørsmåla.

Kvifor er det samtykke, og kvifor er det to samtykke?

Samtykke utløyser lovbeskyttelse som ein kan lese meir om på nettsidene om personvern. Samtykke gis for et formål som blir presentert i teksten før samtykket. Vi har to formål i undersøkinga: Eitt formål knytt til familien sine aktivitetar og eitt knytt til sivilsamfunn og mediebruk. Sjølv om begge formåla er knytt til den enkelte si samfunnsdeltaking, har vi valt å ha to separate samtykke for at alle skal kunne forstå kva som skjer, og kan velje kva dei skal delta i. Det lange samtykket (trykk på eg vil vite meir) og nettsidene om personvern fortel meir om de rettslege rammene for dette.

Om eg svarer og angrar, kva då?

Du har rett til tilgang til dine persondata, få retta persondata om deg sjølv, få persondata om deg sjølv sletta, få kopi av persondata om deg sjølv, og sende klage til personvernombod eller Datatilsynet om behandling av data. Send ein e-post til analyse@bergen.kommune.no og be om sletting.

Når kan eg svare, og kva skjer etterpå?

Spørreundersøkinga blir sendt ut 23. mai, og du kan svare fram til 17. juni.

I løpet av sommaren blir svara avidentifisert, og dataa justert slik at dei blir representative for befolkninga (etter kjønn, geografi og utdanning). I oktober reknar vi med å ha første rapport klar, som alle kan lese på nettsidene. Det kjem fleire rapporter etter dette. I tillegg er det formidlingsmøte med kommunar, idrettsliv, kulturliv og friluftsliv. Resultat kan òg komme i media.

Kva om eg har fleire spørsmål?

På nettsidene til Bergen kommune finn du informasjon om personvern, spørsmåla, rapportar og forsking, sjå Bergen kommune - Barnefamiliepanelet.  Du kan òg kontakte oss: