Aktuelle prosjekt

Fylkestinget har vedteke at FN sine berekraftsmål for 2030 skal leggast til grunn for den regionale planstrategien. Dermed må utfordringsbiletet for Vestland sjåast i ljos av berekraftsmåla. Dette er i tråd med dei nasjonale forventningane til kommunal og regional planlegging. Her har regjeringa bestemt av FNs 17 berekraftsmål skal vere det politiske hovudsporet i Noreg, og at berekraftsmåla bør bli del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga frametter. Også den politiske plattforma for samarbeid mellom styringspartia for Vestland har ei målsetting om å legge til rette for at berekraftsmåla blir nådd.

Dersom arbeidet med FN sine berekraftsmål skal bli systematisk er det viktig med gode verktøy for å måle og evaluere arbeidet som er gjort. Sentralt i eit slikt arbeid vil vere å utarbeide gode og relevante indikatorar for å sjå at utviklinga går i riktig retning over tid.

Det finst i dag ulike indikatorsett: FN sine på globalt nivå, Noreg sine, og etter kvart også ulike regionar, kommunar, og andre organisasjonar og institusjonar sine eigne. Det vil vere ulikt kva som er relevant å måle, etter kva for organisasjon og organisasjonsnivå ein tek utgangspunkt i. Det vil difor ikkje vere det same ein måler på kommunenivå, som ein måler på internasjonalt nivå, i vurdering av om ei målsetting går i rett retning. Arbeidet med å finne gode og relevante indikatorar er relativt nytt og framleis under utvikling. I tida framover er det trong for å utvikle nye indikatorar på målområde som det i dag finst lite kunnskap om.

Vi ser behov for å utvikle eit indikatorsett for Vestland. Dette bør sjåast i samanheng med andre måle- og rapporteringssystem både internt i fylkeskommunen og eksternt i fylket, til dømes miljøstyring og løpande folkehelseoversikt. Slik kan eit godt system for indikatorrapportering bidra til å styrke intern målstyring og rapportering for Vestland fylkeskommune gjennom mellom anna verksemdstrategi og økonomiplanar. Dette er ein pågåande prosess og må sjåast i samanheng med korleis vi skal implementere arbeidet med berekraftsmåla i eiga verksemd. Hensikta med indikatorane er i hovudsak å gi ein statusrapport mot slutten av kvar valperiode og som eit grunnlag for neste planstrategi. På denne måten blir arbeidet integrert, systematisk og langsiktig.

Utarbeidinga av regionale og lokale indikatorar er eit viktig ledd i å omsette berekraftsmåla til lokale forhold. Dette inneber innsamling, overvaking og analyse av data, og i nokre tilfelle også produksjon av data. Dette er eit omfattande arbeid som ein ikkje rekk å ferdigstille i løpet av ein kort planstrategiprosess, men som må utviklast i i løpet av valperioden.

For å komme i gang og få gjort oss erfaringar, er vi i ferd med å utvikle ei rapportering for Vestland som i stor grad er bygd på ein rapport som Asplan Viak har utarbeidd for Buskerud fylkeskommune. Her blir det gjort tilpassingar for fylke og kommunar i Vestland, men dei utvalde indikatorane er i hovudsak dei same.

Prosjektleiar: Mie Dahl Pind

Vi vidareførar Hordaland fylkeskommune si lange erfaring med å lage eigne befolknings- og hushaldsframskrivingar. Nettoflyttinga og fruktbarheita har endra seg mykje dei siste åra, noko som skapar behov for årlege revisjonar av framskrivingane. Ved å lage eigne, lokale framskrivingar, kan vi teste utfallet av andre føresetnader og scenario enn kva SSB legg til grunn i sine framskrivingar. SSB publiserer heller ikkje hushalds- eller bustadframskrivingar, men dette får vi produsert med vårt modellsystem.

På grunn av kraftig fall i nettoflyttinga dei siste par åra, vil årets framskriving truleg bli ein del nedjustert i forhold til fjorårets (jfr. AUD-rapport 13.1-2019).

Prosjektleiar: Torgeir Opeland Røthe