Høyring: Regional transportplan 2022-2033

Har du innspel til Regional transportplan 2022-2033? Kom med innspel eller bli med på høyringsmøte!

Luftbilde av vegarbeid i bratt fjellskråning på fylkesveg 53 med tettstaden Årdal i bakgrunnen. Gravemaskin og lastebil er i arbeid på vegen, og det kjem røyk frå inngangen til det som skal bli ein tunnel, Ljoteli-tunnelen. Det er sprengt ein del i fjellsida før tunnelen. Vår, grøn fjellside med skog og blå himmel.
Vestland fylke har særleg mange rasutsette vegar. Her bygger fylkeskommunen tunnel i rassikringsprosjektet Ljoteli på fv. 53 i Årdal kommune. foto: Vestland fylkeskommune

Den øvste, langsiktige planen for samferdsle- og transportsektoren i Vestland , Regional transportplan 2022-2033 (RTP), er på høyring fram til 12. september 2021. I tillegg kan du delta på høyringsmøte 25. august på Skei, 1. september i Bergen og 10. september på Stord. Møta kan sjåast i nett-tv.

Kva er på høyring?

Det er fire dokument i høyringsutkastet til RTP, og vi ynskjer innspel til alle delane: 

  • Regional transportplan, hovuddokument
    Dette dokumentet skal sette prinsipielle føringar for samferdselspolitikken i Vestland fylke. Her finn du hovudmål, delmål for kvart plantema og strategiar som seier korleis vi skal nå måla. Planen har fem plantema: fylkesvegnettet, mobilitet og kollektivtransport, Miljøløftet, finansiering og nasjonale ansvarsområde. Nærare skildring av hovuddokumentet finn du lenger ned på denne sida. Her finn du og tips til korleis du skal lese  hovuddokumentet. 
  • Handlingsprogrammet til RTP
    Her finn ein omtale av kriterium for prioriteringar og utviklingstiltak. (Handlingsprogrammet inneheld ikkje liste over investeringar på einskildprosjekt eller når dei skal gjennomførast.)
  • Strategi for mjuke trafikantar
    er fylkeskommunen sin strategi for arbeidet med mjuke trafikantar, strategien omtalar fylkeskommunale verkemiddel for å auke talet på mjuke trafikantar.
  • Strategi for berekraftig mobilitet
    er Skyss sitt strategiske styringsdokument og omtalar retning og utvikling for selskapet, samt korleis Skyss skal fylle den nye rolla som mobilitetseining. 

Faglege grunnlag og delstrategiar

I tillegg til høyringsdokumenta er grunnlagsdokumenta også tilgjengelege: faglege grunnlag, utgreiingar og strategiar for ulike tema i planutkastet som greier ut problemstillingar og drøftar utfordringar og moglegheiter innan samferdslesektoren.  Det er også laga eit kunnskapsgrunnlag med nøkkeltal for Vestland fylke. 

Les meir om RTP i Vestland: 
Regional transportplan 2022-2033 Vestland fylke, hovudside: prosess og dokument

Høyringsmøte - meld deg på!

Fylkesordførar Jon Askeland inviterer til tre opne høyringsmøte kring om i fylket i august og september 2021. Her kan kommunar, lag, organisasjonar og andre stille spørsmål til fylkeskommunen om faglege grunnlag og prosess, og legge fram sine innspel til korleis vi i størst grad kan nå måla i fellesskap. Dette er møte med fysisk oppmøte, men dei blir også sendt i nett-tv: Skei 25. august, Bergen 1. september, Stord 10. september: 

Sjå RTP høyringsmøte frå Stord 10. september i nett-tv.

Program Stord
Stad: Stord Hotel, kl. 11.00

11:00 – Velkommen v/Jon Askeland og saksordførar Sigbjørn Framnes
11:10 – Informasjon om RTP ved Håkon Rasmussen
11:20 – Innspel frå samarbeidspartar
Samarbeidsrådet for Sunnhordland –Harald Rydland
Hardangerrådet – Torgeir Næss
Stord næringsråd – Anne-Grete Sandtorv
Hardanger industri – Ingvald Torblå
12:00 – Lunsj
12:45 – Ope for innspel frå andre som ønskjer ordet 
14:30 – Vel heim

  • Høyringsmøte Bergen 1. september

Sjå RTP høyringsmøte frå Bergen 1. september i nett-tv

Program, Bergen: 
stad: Radisson Blu Royal Bergen, kl. 09.00
09:00 Velkommen v/ fylkesordførar Jon Askeland og saksordførar Sigbjørn Framnes
09:10 Informasjon om Regional transportplan ved avdelingsdirektør Håkon Rasmussen og avdelingsdirektør Dina Lefdal
09:20 Innspel frå samarbeidspartar: (8 min per)
           Bergen næringsråd
           Regionrådet Nordhordland
           Bergensalliansen
           Samarbeidsråd for Voss, Vik og Aurland
10:00 Pause
10:20 Ope for innspel frå andre som ønskjer ordet (3 min kvar)
12:00 Vi avsluttar med lunsj

Høyringsmøte RTP Bergen 1. september

  • Høyringsmøte RTP Skei 25. august

Sjå RTP høyringsmøte 25. august frå Skei i nett-tv

Program, Skei 25. august 

kl. 09.00 Velkomen v/ fylkesordførar Jon Askeland og saksordførar Sigbjørn Framnes
kl. 09.10

Informasjon om RTP i Vestland:
- Håkon Rasmussen, avdelingsdirektør for mobilitet og kollektiv
- Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg.

kl. 09.20

Innlegg frå samarbeidspartar:
- HAFS Regionråd v. Hallvard Oppedal
- Sogn Regionråd v. Arnstein Menes
- Samarbeidsforum i Sunnfjord , v.             Vidar Grønnevik
- Nordfjordrådet, v. Per Kjøllesdal og Leidulf Gloppestad
- Sogn og Fjordane næringsråd, Bjørn Lødemel

kl. 10.10 pause
kl. 10.25 Innspel frå publikum, 3 minutt per innlegg
kl. 12.00 lunsj
kl. 13.00 ev. fleire innspel frå publikum
 

Kva vil vi ha innspel på og korleis?

Det er viktig å understreke at høyringsutkastet ikkje er å rekne som eit endeleg forslag til plan, vi ønskjer tilbakemeldingar både på innhaldet og korleis vi skal prioritere. Med knappe økonomiske ressursar må vi ha innspel på både kva som bør prioriterast opp, og kva som kan prioriterast ned.

Fem spørsmål

For at vi best skal kunne bruke dei innspela vi får til å utforme plandokumentet ønskjer vi tilbakemeldingar på følgjande spørsmål:

  • Tek planen inn over seg dei store utfordringane i fylket i tilstrekkeleg grad?
  • Er målsettingane riktige med tanke på dei utfordringane vi har i fylket?
  • Er det god samanheng mellom mål og strategiar?
  • Er dei riktige kriteria for prioritering lagt til grunn? Kva kriterium bør eventuelt endrast?
  • Er det andre utviklingstiltak som bør inn i handlingsprogrammet til RTP?
  • Strategi for mjuke trafikantar: Fylkeskommunen ønskjer tilbakemelding på ein til to strekningar langs fylkesveg i kvar kommune som manglar tilrettelegging for mjuke trafikantar, og som oppfyller kriteria for prioritering i strategien.

Kva skjer framover?

Det blir ein ny runde med høyringsmøte kring om i Vestland fylke i agugust og september 2021. Nærare informasjon om stadar kjem. 

august og september 2021:
25. august, 1. september og 10. september

Nye høyringsmøte kring om i fylket. 
12. september 2021 Høyringsfrist, RTP
12. september-15. desember 2021 Høyringsinnspela blir handsama og arbeidd inn i planen. 
15.-16. desember 2021 Regional transportplan 2022-2033 for Vestland blir vedtatt. 
2022 Handlingsprogrammet blir rullert kvart år. 
2025 RTP blir rullert kvart fjerde år. 

 

Trafikk i bygate i Bergen, to syklistar i gang og sykkelveg attmed fylkesveg. Elsparkesyklar står på fortauet.
Fylkeskommunen har ansvar for gang- og sykkelstiar langs fylkesvegane. Foto: Morten Wanvik


Slik les du hovuddokumentet i høyringsutkastet

Kapittel 1 startar med innleiinga til planutkastet og seier korleis planen skal nyttast og kva som er fylkeskommunen si rolle som vegeigar, med særleg merksemd på endringar etter Regionreforma 2020.

Kapittel 2 presenterer og forklarer hovudmålet i RTP: «Vestland skal ha eit trygt, effektivt og framtidsretta transportsystem, som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling.».

Kapittel 3 trekk fram nokre viktige drivarar for transport for å legge rammene for dei fem planemnene.

Kapittel 4 presenterer fem plantema:
fylkesvegnettet, mobilitet og kollektivtransport, Miljøløftet, finansiering og nasjonale ansvarsområde. 
For alle planemna er det lagd eigne delmål og strategiar i tillegg til at status og utfordringsbildet er skildra. Vestland har store utfordringar som er både kostnadskrevjande og kompliserte å løyse. Det er behov for meir midlar for å kunne løyse desse utfordringane, og finansiering er difor trekt fram som eit eige plantema der formålet er å finne løysingar som både kan gje oss meir samferdsle for pengane, samt meir pengar til samferdsel.

Kapittel 5 gir ei kort innføring i oppfølging av planen, og korleis vidare prosess med handlingsprogrammet blir.